Ein av desse fem vinn rektorvalet

I dag blir det endeleg avgjort kven av desse fem som blir Universitetet i Oslos rektor frå nyttår og fire år framover. Kampen står altså mellom psykologiprofessor Fanny Duckert, matematikkprofessor Geir Ellingsrud, medisinprofessorane Stein Evensen og Lars Walløe og biologiprofessor Kristian Gundersen. Siste frist for å stemma er klokka 16.00 i ettermiddag, og resultatet vil truleg vera klart rundt klokka 22.00, i fylgje det Valstyrets leiar Aanund Hylland tidlegare har fortalt Uniforum.

KVEN VINN? Ein av desse fem blir i dag valt til ny rektor ved UiO. Frå venstre, Fanny Duckert, Lars Walløe, Stein Evensen, Kristian Gundersen og Geir Ellingsrud.
Foto: Ola Sæther

Dei tilsette som enno ikkje har fått stemt, kan leggja stemma si i ei valurne i 5. etasje i Administrasjonsbygningen. Alle studentar kan leggja stemma si i ei av dei urnene som er plasserte rundt omkring på heile universitetet. Dei fem rektorkandidatane vil vera samla til valvake i Klubben i Georg Sverdrups hus (Nye UB) frå klokka 16.00 og til valresultatet er klart.

Der vil truleg pressefolk og andre interesserte møta opp. Rundt klokka 17.00 vil alle rektorkandidatane få utdelt ei rose frå universitetsdirektør Hanne Harlem som takk for ein lang og hard rektorvalkamp. Uniforum nett no vil leggja ut valresultatet straks det er klart, og det vil også vera brei dekning av rektorvalet i papiravisa som kjem ut i morgon, fredag 30. september.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2005 10:13 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere