Det Norske Veritas testar Osebergskipet

Det Norske Veritas skal rekna ut styrken på Osebergskipet. Det er klart etter at selskapet vann tilbodsrunden som blei lyst ut av Kulturhistorisk museum, UiO. Resultatet av målingane skal vera klare til nyttår og skal danna grunnlaget for om det er mogleg å flytta vikingskipa frå Bygdøy til Sørenga.Undersøkingane blei sette i gang i dag, stadfestar informasjonsdirektør Tore Høifødt.

OSEBERGSKIPET: Folk frå Kulturhistorisk museum i ferd med å klargjera Osebergskipet før skanninga skulle ta til i februar i år. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther

Det svenske selskapet Metimur har no fullført den elektroniske skanninga av Osebergskipet. Dermed finst det nye nøyaktige teikningar av verdas mest berømte vikingskip. - Desse teikningane blir no stilte til rådvelde for Det Norske Veritas som vann oppdraget med å utføra styrkeutrekningar av Osebergskipet, opplyser arkeolog Knut Paasche ved Vikingskipshuset/Kulturhistorisk museum til Uniforum. Etter planen skal resultatet av målingane vera klare i januar, men allereie i desember vil selskapet leggja fram ein førebels rapport.

Meir nøyaktige data

- Då må Kulturhistorisk museum ha eit godt nok grunnlag for å kunna gi Universitetsstyret eit råd i spørsmålet om vikingskipa på Bygdøy kan flyttast til eit mogleg nytt kulturhistorisk museum på Sørenga. Målingane til Veritas kan gi oss meir nøyaktige data både over vekta til skipa og kor sterk konstruksjonen er. Det skal også foreslå korleis det kan lagast nye støtter til vikingskipa. Men Veritas kan berre gi oss dei tørre fakta og ikkje kome med vurderingar for og imot flytting. Målet er at selskapet kan gi oss eit svar som alle kan tru på. Det er museet som så må koma fram til ein konklusjon basert på resultatet av desse målingane, konstaterer Paasche.

Overflatisk vurdering

I februar 2002 la firmaet Safetec Nordic AS fram resultata av analysane og vurderingane sine når det galdt spørsmålet om oldsakstinga i Vikingskipshuset ville tola ei eventuell flytting. I februar i år sa Knut Paasche til Uniforum at selskapet hadde gjort ei grundig undersøking av dei skjøraste tinga i samlinga som til dømes sleden og vogna.

- Men vikingskipa gjorde dei berre ei overflatisk vurdering av, men dei konkluderte likevel med at det let seg gjera å flytta på vikingskipa. Det selskapet hadde rekna ut at skipet ville vega rundt fire tonn medan me meinte at det ville vega minst ti tonn, sa Paasche til Uniforum den gongen.

Kjenslevar sak

Og han er klar over at det framleis er mange kjensler involvert i flyttespørsmålet i denne saka.

- Det ligg difor føre eit forslag om at det skal setjast ned eit uavhengig utval med representantar frå til dømes andre museum, Riksantikvaren eller Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Det kan koma med ei museumsetisk vurdering som vil danna bakgrunn for den endelege tilrådinga i spørsmålet om vikingskipa vil tola ei flytting eller ikkje, seier han. Og han er nøgd med at Veritas fekk dette oppdraget.

- Det var det siste selskapet som sertifiserte treskip i Noreg. For oss teiknar det til å bli ein seriøs og god samarbeidspartnar, seier Paasche.

Spennande oppdrag

Informasjonsdirektør Tore Høifødt i Det Norske Veritas seier i ein kommentar til Uniforum at dei er godt nøgde med at selskapet har fått dette oppdraget. Arbeidet er allereie i gang.

- Me har vore ute på Vikingskipshuset i dag og henta prøvar frå Osebergskipet. Dei skal me ta ein del strekktestar av. Osebergskipet er jo eit av dei største klenodia me har i Noreg. Difor er det sjølvsagt viktig at dette blir gjort skikkeleg. Me kan nemleg ikkje tillata oss å lata noko gå feil i samband med dette oppdraget, understrekar han.

- Dette er ein spennande jobb og me tar det som ei tillitserklæring å ha fått denne jobben. Det Norske Veritas har fleire laboratorium på Høvik der me utfører materialtesting, men vanlegvis er det ein heilt annan type materiale enn det Osebergskipet er bygd av. Det er røynsla og kompetansen som er viktig, og ikkje pengane me får for denne jobben, legg han til.

Emneord: Vikingskipshuset, Museene Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2005 13:35 - Sist endra 10. des. 2008 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere