30 år i teneste for UiO

Førstekonsulent Manhar Patel ved Senter for utvikling og miljø fekk denne veka utdelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste etter å ha arbeidd ved UiO i tretti år. - Det har vore ein svært hyggeleg arbeidsplass for meg etter at eg kom til Noreg som politisk flyktning frå Uganda i 1972, sa Patel, like etter at han hadde fått utdelt medaljen av styreleiar for SUM, Hans Christian Bugge.

30 ÅR: Førstekonsulent Manhar Patel får utdelt medalje for lang og tru teneste av SUMs styreleiar, Hans Christian Bugge.
Foto: Martin Toft

Det var etter at despoten Idi Amin tok makta i Uganda i 1971 og utviste alle asiatiske innvandrarar, Manhar Patel måtte dra frå heimlandet sitt.

- Medan me var i Roma i desember 1972, fekk 300 av oss beskjed om at eit fly skulle henta oss og flyga oss til Noreg. Sidan me allereie kunne engelsk gjekk integreringa av dei første farga flyktningane i Noreg ganske greitt. Men også me opplevde diskriminering. Heldigvis har eg møtt utruleg mange kjekke menneske, og det har vore fantastisk å bu her, slo Patel fast i takketalen sin.

Kollegaene hans trekte også fram den viktige rolla han hadde spelt som medarbeidar ved Den internasjonale sommarskulen, UiO.
- Då kan han bruka alle språka han kan, både swahili og stammespråk frå Uganda. Dessutan inviterer han på eige initiativ dei utanlandske studentane heim til seg i fritida, vart det fortalt.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2005 14:24 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere