UiO-kunstverk utlånt til Guggenheim-museet

Naum Gabos kunstverk Constructed Head No. 2 skal lånast ut til Guggenheim-museet i Bilbao i Spania. - Det er stor stas at UiO har eit kunstverk som eit så kjent kunstmuseum vil låna, seier kunstforvaltar Ulla Uberg.

VERDSKJENT: Kunstforvaltar Ulla Uberg viser fram Naum Gabos kunstverk Constructed Head No. 2 som skal lånast ut til Guggenheim-museet i Bilbao.
Foto: Ola Sæther

- Den russiske skulptøren Naum Gabo (1890-1977) blir rekna som ein av opphavsmennene til konstruktivismen, og Constructed Head No. 2 blir rekna som eitt av hovudverka hans, opplyser Ulla Uberg til Uniforum. Skulpturen blei til i 1916, medan kunstnaren budde i Noreg. Til vanleg står kunstverket i Vilhelm Bjerknes' hus på Blindern, men frå 11. oktober i år til 5. mars 2006 må folk dra til Guggenheim-museet i Bilbao for å kunna beundra dette kunstverket.

Constructed Head No. 2 er forsikra for fleire millionar kroner, og transporten skal bli tatt hand om av ekspertar på denne typen verditransport.

- Det er mange som har lurt på kva Naum Gabo gjorde her i landet i den perioden. Ein viktig grunn til at han kom hit, var at broren hans, Aleksei Pevsner studerte matematikk her. Samtidig var det her han byrja å eksperimentera og kom fram til den kunstvitskaplege erkjenninga si, fortel Uberg. Også kunstmuseet Tate Modern i London har ei utgåve av "Constructed Head No. 2.

- Men det er ei forstørra utgåve som Gabo konstruerte i 1964, legg ho til. Uberg viser til at Gabo heile tida var oppteken av masse og volum.

- Han hadde absolutt ei vitskapleg tilnærming til det å byggja opp ei form, slår ho fast.
Etter å ha budd i Noreg under Den første verdskrigen frå 1914 til 1917, vende Gabo tilbake til Russland, men i 1922 forlet han Russland og busette seg i Vesten og døydde i USA i 1977.

- Det var etter ei utstilling av dette kunstverket i Sveits, me blei kontakta av direktør Juan Ignacio Vidarte ved Guggenheim-museet, som gjerne ville ha det til Bilbao. Der skal det vera ein del av utstillinga "ArchiSculpture: Dialogues between Architecture and Sculpture from the 18th Century to the Present Day", fortel Uberg.

Emneord: Internasjonalisering, Kultur Av Martin Toft
Publisert 24. aug. 2005 13:19 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere