UiO burde ikkje ha stansa forsking

Universitetet i Oslo skulle ikkje ha stansa forskinga på det omstridde materialet i Schøyen-samlinga etter at NRK-Brennpunkt hadde avslørt at det kunne ha vore innhenta på tvilsamt vis. Det er konklusjonen til Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora i ei fråsegn om denne saka. Førsteamanuensis i arkeologi, Christopher Prescott, er heilt ueinig i den konklusjonen.

AVSLUTTA FORSKING: Professor i religionshistorie, Jens Braarvig, rett etter at han hadde fått beskjed av rektor Arild Underdal om å avbryta forskinga på det omstridde materialet i Schøyen-samlinga.
Foto: Ola Sæther

Komiteen, som blir leidd av sosiologiprofessor Ragnvald Kalleberg, meiner at avgjerda om å stansa all forsking på dette materialet, var eit inngrep i forskingsfridomen. Difor synest komiteen at ein meir passande reaksjon frå UiO hadde vore om universitetet både hadde sett i gang ei gransking av det aktuelle materialet og etablert eit internt forum der relevante forskingsmiljø hadde gått inn i ein open diskusjon med kvarandre. Samtidig burde UiO ha varsla styresmaktene om uvisse med omsyn til eigarhistorie og opphav.

- Må melda frå

Difor har komiteen no lagt fram eit forslag til kjørereglar for forskarar som møter slike problem, opplyser sekretariatsleiar Hilde Wisløff Nagell til NRK.

- Blant anna må forskarane melda frå til institusjonen sin på et tidleg tidspunkt. Eigar må opna for forsking på opphavs- og eigarhistoria. Og det må finnast ein overordna instans som det kan meldast frå til slik at det er mogleg å leggja til rette for tilbakeføring, seier ho.

Ueinig

Førsteamanuensis i arkeologi, Christopher Prescott er ueinig i konklusjonen til den etiske komiteen. Han meiner UiO burde ha stansa forskinga på eit mykje tidlegare tidspunkt. For Prescott ser det ut som om utgangspunktet for dei nye kjørereglane er å finna ut korleis ein kan sleppa unna med å forska på stole materiale.
- Det er eit fundamentalt gale utgangspunkt. Forsking på stole og plyndra materiale er ikkje tillate, seier han til NRK.

- Grundig arbeid

Rektor Arild Underdal seier i ein kommentar til Uniforum at han synest komiteen har gjort eit grundig arbeid som vil vera til stor nytte for UiO og andre institusjonar som kan hamna i slike problem.

- Komiteen får fram både ulike dilemma og problem når det gjeld forsking på materiale med ukjent eller usikkert opphav. Den klarer også å tydeleggjera at dagens retningslinjer er meir retta inn mot museumsverksemd enn mot forsking. Difor er det prisverdig at komiteen foreslår rutinar for korleis slike tilfelle skal handsamast, seier Underdal. Han lovar også å fylgja opp forslaga.

- Ved UiO vil me diskutera korleis me skal innføra slike retningslinjer internt. Dessutan vil eg ta opp med Utdannings- og forskingsdepartementet kva me bør gjera for å fylgja opp forslaget om ei nasjonal ordning for å oppfylla opplysnings- og meldeplikta , fortel han.

- Ville gjort det same i dag

Komiteen meiner altså at det var eit brot på forskingsfridomen å avbryta forskinga på ein del av materialet i Schøyensamlinga kort tid etter ein mediedebatt sjølv om den ser at UiO hadde behov for ein tenkepause.
Arild Underdal synest likevel ikkje universitetet gjekk over streken i denne saka.

- Om eg hadde fått den saka på bordet mitt i dag, ville eg gjort akkurat det same som den gongen sidan vi trengte tid til å tenkja gjennom dei forskningsetiske spørsmåla me stod overfor. Men eg ser at dersom dei ordningane som komiteen foreslår hadde blitt innførte, kunne UiO kanskje ha funne ei anna løysing, seier han.

Emneord: Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 8. aug. 2005 13:34 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere