På jakt etter det norske

Både Ullevål hageby og universitetsbygningane på Blindern var på pensumlista til dei 25 sommarskulestudentane som hadde valt norsk arkitektur og design som hovudemne. - Det er spennande å sjå korleis norske arkitektar har vore opptekne av å laga møteplassar, synest Shannon Lawrence frå Canada.

OFFENTLEG KUNST: Sommarskulestudentane studerer døme på norsk kunst i det offentlege rommet på Nedre Blindern.
Foto: Martin Toft

Arkitektfirmaet Snøhetta, arkitekten Sverre Fehn og norsk drakestil var kjente omgrep for dei 25 studentane frå 12 ulike land som kom til Noreg for å ta kurset i norsk arkitektur og design på Den internasjonale sommarskulen ved UiO. Ekskursjonar til Akershus festning, Norsk folkemuseum, Snøhetta og Bergen skulle gi studentane endå betre innsikt i norsk arkitektur og design.

Den aller siste dagen før eksamen leidde faglærar Chip Sheffield dei på ein fottur over campus på Blindern og vidare til Ullevål hageby. Tema for turen var norsk kunst på offentlege plassar og norsk byggjeskikk på 1920-talet. Turen gjekk frå Eilert Sundts hus til Georg Sverdrups hus og vidare til Helga Engs hus, før dei avslutta campusbesøket i Fysikkbygningen. Studieobjekta var Arnold Haukelands skulptur Air, Per Krohgs fresker i vestibylen i Fysikkbygningen og Olav Christopher Jensens kunstverk i Helga Engs hus. Deretter gjekk dei vidare til Ullevål hageby for å sjå korleis arkitektane på 1920-talet var opptekne av å skapa ein arkitektonisk heilskap av eit bumiljø.

Forfriskande og interessant

Shannon Lawrence frå University of Alberta i Canada er svært oppglødd over det ho har lært på dette kurset.

- Det er svært forfriskande og interessant for meg som norskstudent. Tidlegare har eg lese norsk litteratur, så dette blir ein heilt annan måte å læra om norsk kultur på. Det er fint å kunna ha gatene som klasserom slik me har det på dette kurset. Eg har funne ut at det er like viktig å læra om norsk samtid som norsk historie. Og eg synest at kanadiske arkitektar bør bli like flinke som norske arkitektar til å gi rom for møteplassar i bygningane, seier ho.

Sans for Snøhetta

Også arkitektstudenten Nermina Zagra frå Sarajevo i Bosnia er blitt inspirert av dette kurset.

- Eg er spesielt imponert over bygningen til Hedmark fylkesmuseum, som er teikna av Sverre Fehn. Men eg har også fått stor sans for måten arkitektkontoret Snøhetta arbeider på. Der jobbar alle i eit team der alle kan koma med kreative innspel. Samtidig arbeider arkitektane nært saman med designarar og kunstnarar. Alt dette er ting som eg vil ta med meg når eg set i gang med å skriva hovudoppgåva mi ved arkitekturstudiet i Sarajevo, seier ho.

Geoffrey Wodell frå Colorado i USA er på Den internasjonale sommarskulen for andre gong. Tidlegare har både kona hans og dottera hans vore studentar på sommarskulen.

- Eg kan mykje både om norsk kultur og musikk, men eg kunne lite om norsk arkitektur og design før eg tok dette kurset. Eg arbeider også som reiseleia,r og med dette kurset i bakhand, kan eg fortelja dei om norsk byggeskikk i tillegg til det eg elles orienterer dei om på desse turane, registrerer han.

Amerikansk arkitektur er marginal

Mark R. Mansfield er ein annan amerikansk noregsven som går på dette kurset. Han har budd fleire år i Noreg og arbeidd som designar i USA, der han har jobba både for filmbransjen og for administrasjonen til nasjonalparkane. Han har nyleg kome inn på designstudiet ved Harvard-universitetet.

- Skandinavisk design er eit godt kjent omgrep blant akademikarar i USA, men gjennomsnittsamerikanaren har ingen idé om kva det går ut på. Personleg meiner eg at amerikansk arkitektur og design er langt på sida av utviklinga samanlikna med det me finn i Skandinavia. Her har industri og kunstdesign smelta saman. Det er spennande at det er ein amerikanar som underviser oss om dette og som kan setja norsk arkitektur og design inn i eit internasjonalt bilete, synest Mansfield. Mannen han siktar til er Chip Sheffield, som for sjette året på rad er lærar ved Den internasjonale sommarskulen. Til vanleg er han førsteamanuensis ved Rochester Institute of Technology utanfor New York.

- Eg synest det er viktig å undervisa desse studentane i den norske samtida og ikkje berre i viking- og mellomalderhistorie. Difor er det morosamt å sjå at 25 studentar frå 12 nasjonar har valt dette kurset, konstaterer han.

Emneord: Internasjonalisering, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 29. aug. 2005 10:47 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere