Sirpa Jalkanen har vist korleis kvite blodceller festar seg til blodåreveggen i skadd vev og trengjer vidare ut i vevet, står det i ei pressemelding frå priskomiteen. Kvite blodceller bind seg til spesielle molekyl som Jalkanen har påvist i veggane til blodårene. Ho har spesielt studert betennelse i ledd, men funna hennar har generell relevans for alle typar betennelse. Prisvinnaren har også vist ein viktig samanheng mellom betennelse i tarm og ledd. Dessutan har funna hennar mykje å seia for forståing av spreiing av kreft. Forskinga hennar er også svært viktig for behandling av revmatiske sjukdomar og kreft.
- For meg har forskinga alltid vore ein lidenskap, både jobb og hobby på same tid. Det er ei god trøyst å leggja merke til at også andre enn meg sjølv synest at det eg har gjort er viktig. Dette er også ei anerkjenning av arbeidet til heile forskarteamet mitt og andre samarbeidspartnarar. Eg vil retta ei spesiell takk til den tidlegare studenten min Marko Salmi som i dag er ein av mine samarbeidspartnarar, seier Jalkanen til Uniforum.
Priskomiteen vedtok samtidig at Anders Jahres pris for yngre forskarar skal delast mellom forskar Olli Ritvos ved Helsingfors universitetog forskar Weimin Ye ved Karolinska Institutet. Dermed får dei 200 000 kroner kvar. Ritvos blir tidelt prisen for forskinga han har drive på vekstfaktorar som påverkar reproduksjon. Ye får prisen for å ha vist ein mogleg samanheng mellom infeksjon i magesekken og kreftutvikling i spiserøret.
(Oppdatert måndag 15.08.05 kl. 1310)
Logg inn for å kommentere