Fanny Duckert kan bli Lars Walløes andreval

- Fanny Duckert er absolutt kandidat til å stå på andreplass på stemmeseddelen min under rektorvalet. På førsteplass vil eg sjølvsagt setja meg sjølv. Det sa rektorkandidat Lars Walløe under ein valduell med Fanny Duckert i Botanisk hage på Tøyen torsdag 25. august.

DUELL: Rektorkandidatane Fanny Duckert og Lars Walløe møttest til rektorvalduell på Tøyen 25. august.

Bestestova på Tøyen hovedgård blei for lita, då Naturhistorisk museum hadde invitert rektorkandidatane Fanny Duckert og Lars Walløe til ein valduell der dei i hovudsak blei bedne om å svara på kva dei ville gjera for at det 70 år gamle ynsket om eit nytt veksthus skulle bli oppfylt. Ingen av dei ville lova for mykje, men det var Fanny Duckert som gjekk lengst i å støtta arbeidet med å få fortgang i desse planane.

- Eg viser til Uniforum som stilte meg spørsmål om kva byggjeprosjekt eg ville velja dersom eg skulle prioritera mellom kulturhistorisk museum på Sørenga, nytt bygg for Life Sciences i Gaustadbekkdalen eller nytt veksthus på Tøyen. Då svarte eg at eg ville setja nytt veksthus på Tøyen på førsteplass. Difor meiner eg at UiO må få styresmaktene med på å delta i finansieringa eit nytt veksthus slik at det også blir attraktivt for næringslivet å delta i sponsinga av det, sa Duckert, som hadde prorektorkandidat Nils Damm Christophersen med som sekundant og støttespelar under debatten.

Lars Walløe var ikkje så kategorisk og viste også til kva han hadde svart Uniforum.

Positiv

- Den som kan gi eit konkret svar på eit slikt spørsmål, eignar seg ikkje til å bli rektor, slo han fast med eit flir, og vekte latter både hos Fanny Duckert og dei andre i salen.

- Eg er positiv til eit nytt vektshus, men eg trur ikkje det er mogleg å få realisert utan medverknad frå Staten. Ei slik løyving kan heller ikkje gå utover resten av UiO, understreka han. - Det er lett å overdriva behovet for å få meir pengar frå Staten. Sidan eg gjennom mange år har hatt nær kontakt med offentlege styresmakter, har eg ei meir realistisk oppfatning av kva som er mogleg å få til, meinte Walløe.

Kvalitetsreforma

Han kom også inn på det store diskusjonstemaet i dei akademiske krinsane det siste året - Kvalitetsreforma.

- Mitt rektorvalteam var det første som gjekk klart ut og sa at det støtta innføringa av studiereforma og at det hadde vore ei vellukka reform for studentane. I starten har det vore enkelte problem, som til dømes karaktersystemet. Einsensurordninga er eit rettstryggleiksproblem som me også ynskjer å endra på. Dessutan vil me verna dei små faga gjennom ei arbeidsdeling mellom universiteta, lova han.

Altfor passiv

Fanny Duckert ville ha eit enda meir proaktivt universitet i høve til Noreg, Oslobenken og Stortinget.

- Dersom me er svært flinke og klarer å oppfylla måla våre og får inn store inntekter på dette, så hender det at styresmaktene endrar på reglane og set opp til dømes eit maksimaltak på studentar. Dermed får ikkje UiO høve til å ekspandera og auka inntektene sine. Det me kan gjera er å finna løysingar som går utanom dei vanlege ordningane.

-Dessutan har dagens universitetsleiing vore altfor passiv og berre gjort det som styresmaktene har bede det om utan å tilpassa dei nye reformene til UiOs eigenart, meinte ho.

Lars Walløe oppfordra dei frammøtte til å nytta seg av høvet til å rangera rektorkandidatane frå ein til fire på stemmeseddelen.

- Det kan bli eit jamt val og difor er det viktig å gjera dette i tilfelle førstekandidaten din ikkje vinn fram i første runde. Då vil andrekandidaten din, få stemma di i neste runde og så vidare, presiserte han.

- Og kven vil du setja opp som nummer to på stemmeseddelen din? spurte Uniforum.

- Fanny Duckert står sterkt som kandidat til den plassen, men eg vil sjølvsagt plassera meg sjølv først, svara Walløe. Då Fanny Duckert fekk ordet igjen, kom ho ikkje inn på kven ho ville setja som nummer to på stemmeseddelen sin.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 29. aug. 2005 16:09 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere