Vil skapa entusiasme og engasjement

- Me ynskjer å skapa fagleg entusiasme og engasjement for universitetet blant både tilsette og studentar. Det er universitetet som er det felles kjærleiksobjektet vårt, seier rektorkandidat Fanny Duckert , prorektorkandidaten hennar, Nils Christophersen og viserektorkandidat Trygve Wyller .

GJENNOMGANG: - Det er viktig å ha ein kritisk gjennomgang av heile studiereforma og betra det som er negativ, meiner Fanny Duckert, Nils Christophersen og Trygve Wyller.
Foto: Ståle Skogstad

- Målet vårt er at me i fellesskap skal gjera det som er det beste for heile universitetet. Difor synest me det er mykje viktigare med ei deltakande og entusiasme-skapande leiing enn ein enkeltståande sterk rektor. Etter vår meining står ikkje dette i motsetnad til det å vera tydeleg, slår psykologiprofessor Fanny Duckert, informatikkprofessor Nils Christophersen og teologiprofessor Trygve Wyller fast.

- Dessutan er vår rektorkandidat den einaste som har leiing som fag, understrekar Christophersen. Informatikkprofessor Nils Christophersen sa ja til å blir Fanny Duckerts prorektorkandidat nettopp på grunn av kunnskapane hennar om leiing.

- Eg høyrde eit foredrag av henne som ho hadde kalla "Hvordan lede de som ikke vil ledes." Det overtydde meg om at ho visste kva ho snakka om. Dessutan visste eg kva ho hadde fått til som instituttleiar ved Psykologisk institutt. Så då ho spurte meg om å stilla, var det lett å svara ja, seier han. Viserektorkandidat Trygve Wyller kjente ikkje Fanny Duckert noko særleg frå før, men då han såg kven som skulle stilla som rektorkandidatar, var ikkje valet vanskeleg.

- Fanny Duckert var mitt val, ikkje minst fordi ho også er opptatt av undervisning på same måte som eg. Då ho spurte meg om å stilla opp som viserektorkandidat, sa eg ja, fortel han.

- Fornuftig arbeidsdeling

- Men Fanny Duckert, kvifor vil du utnemna ein viserektor i tillegg til ein valt prorektor om du blir valt til rektor?

- Eg synest at det er på høg tid at dette skjer. Det vil gjera det lettare med ei fornuftig arbeidsdeling rektoratet i mellom. Medan Nils Christophersen får ansvaret for forsking, skal Trygve Wyller få ansvaret for undervisning.

- Er du ikkje redd for at dei skal umyndiggjera forskingsdirektøren og studiedirektøren?

- Nei, på ingen måte. Meininga er at dei skal samarbeida nært med desse avdelingsdirektørane. Fleire universitet i andre land har ei slik ordning, seier Duckert.

Vil gå gjennom Kvalitetsreforma

Alle er opptekne av Kvalitetsreforma, men ingen vil gå tilbake til den gamle undervisningsmodellen ved universitetet.

- Innføringa av det nye gradssystemet er ein del av ei internasjonal bylgje som me ikkje kan slå av eller på på vegner av UiO. Likevel er det viktig å ha ein kritisk gjennomgang av heile studiereforma og betra det som er negativt. Me trur ikkje at heile fleksibiliteten i reforma er tatt ut. Difor må me sjå nærare på korleis den fungerer forskjellige stader ved UiO. Dersom me blir valde, blir det oppgåva vår å sikra at intensjonane i reforma blir vidareførte, meiner dei.

Prodekankandidat Nils Christophersen har også merka seg haldninga til dei nye studentleiarane ved UiO.

- Dei seier at dei er leie av sutringa over det som er og sorga over det som var. No må alle stå saman for å gjera det som eksisterer betre. Det er ei haldning som me støttar, seier han. Dei vil i større grad enn dagens rektorat ta grunneiningane med på råd før dei tar viktige avgjerder.

- Ofte er det på lokalplanet at problema merkast best, samtidig som dei også ofte sit med nykelen til moglege løysingar. Dessutan vil me oppfordra alle leiarar på universitetet til å tenkja positivt og prioritera tiltak som kan skapa begeistring nedover i systemet. Me må finna betre måtar å verdsetja folk på for det dei gjer, synest Duckert.

- Me vil difor innstifta ein "Best praksis-pris" for den eininga som har den beste administrative løysinga på eit problem og som samtidig har overføringverdi til resten av universitetet, presiserer Christophersen og Wyller.

- Kva forskingspolitikk vil de føra?

- Det er bra at UiO deltar i dei store satsingsområda til Forskingsrådet, som til dømes sentra for framifrå forsking. Likevel må me ikkje gløyma å støtta individuelle forskarar og mindre forskargrupper. Det er dessutan viktig å skapa synergieffekt mellom forskinga på HF og SV og forskinga på dei medisinske og naturvitskaplege fakulteta, meiner Duckert og Wyller.

Fagleg entusiasme

- Me vil også satsa på fagleg entusiasme formidla av forskarar og studierettleiarar til studentar gjennom undervisninga. Det er også rett å satsa på ei eiga forskarlinje slik som det blir gjort på Det medisinske fakultetet. Ei liknande satsing med dei flinkaste studentane på andre fag, kunne også vore ein god idé, meiner Christophersen.

- Og minst kvart femte år må alle institutt og senter opna dørene sine for publikum, legg dei til.

Emneord: Rektorvalet 2005, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2005 10:47 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere