UiO-studentar vann Verdiskapar 2005

Fysikkstudentane Morgan Kjølerbakken , Ines Hafizovic og Vibeke Jahr frå Universitetet i Oslo vann førstepremien på 100 000 kroner i idékonkurransen Verdiskapar 2005. Dei fekk prisen for utviklinga av eit retningsstyrt system for lydopptak. Dei står alle bak det nyetablerte selskapet SquareHead Systems AS som er i gang med å patentera og vidareutvikla ideen. Førstepremievinnarane vil også få gratis kontorplass i Forskingsparken i eit halvt år.

VANN: Fysikkstudentane Morgan Kjølerbakken , Ines Hafizovic og Vibeke Jahr frå UiO vann førstepremien på 100 000 kroner i idékonkurransen Verdiskaper 2005.
Foto: Martin Toft

- Me synest alle at me har fortent å vinna førsteprisen. Dei siste vekene har me jobba dag og natt for å bli ferdige med forretningsplanen og me klarte det, fortel Vibeke Jahr til Uniforum like etter at dei har tatt imot sjekken på 100 000 kroner. Ho vil helst ikkje seia så mykje om kva ideen går ut på.

- Det eg kan seia er at ideen vår gjer det mogleg å få til retningsstyrte lydopptak. Det vil vera mogleg å fjernstyra opptaksutstyr som er plassert på forskjellige stader rundt til dømes ein idrettsstadion, seier ho. Alle tre har tatt hovudfag i fysikk ved Universitetet i Oslo. Medan Morgan Kjølerbakken og Vibeke Jahr blei uteksaminerte i 2003, blei Inez Hafizovic ferdig med hovudfaget sitt i fjor. Sidan då har dei jobba på heiltid med å utvikla ideen sin.

- Innovasjon Noreg har gitt oss både utviklingsstipend og etablerarstipend. Dessutan får me utbetalt dagpengar frå A-etat i etableringsperioden. Gründerskolen har lånt ut lokale til oss i PO-bygningen på Blindern og Institutt for informatikk har også hjelpt oss, understrekar ho.

Andreplassen gjekk til Jan Reidar Stuberg frå Høgskolen i Oslo og selskapet hans Norwegian Silicon Refinery. har Stuberg har utvikla ein metode som gjer det mogleg å produsera solscellesilisium på ein forenkla og kostnadsparande måte samanlikna med tradisjonelle metodar.

På tredjeplass kom SoniTrack, eit oppstartsprosjekt frå Institutt for informatikk og Birkeland innovasjon, med ein metode for å fylgja objekt i rommet. Fokusproduktet er ein pasientterminal som kan nyttast utan at pasient eller lege treng å ta på den. - Dette vil hindra smitte i å breia
seg på sjukehus, meiner prosjektleiar Tobias Dahl.

Til saman kom det inn heile 17 bidrag frå Universitetet i Oslo. Dermed slo UiO både Høgskolen i Akershus, Høgskolen i Oslo og Handelshøyskolen BI. Alt i alt kom det inn 40 bidrag til konkurransen som blir arrangert av dei høgare utdanningsinstitusjonane i Oslo og Akershus i samarbeid med Innovasjon Noreg, Oslo kommune og Akershus fylke.

Emneord: Studentsaker, Priser Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2005 10:27 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere