Tar livet av solteori

- Dette er flott, og det er klart at det må feirast at me har fått ein artikkel på trykk i Nature . Det seier professor Mats Carlsson og doktorstipendiat Astrid Fossum etter at dei torsdag 16. juni fekk publisert ein artikkel i eitt av verdas mest prestisjetunge naturvitskaplege tidsskrift. I artikkelen tar dei livet av den mest populære teorien på kvifor temperaturen er på heile to millionar grader i Solas atmosfære medan den er på 6000 grader på soloverflata.

SOLAS OVERFLATE: Forskarane Astrid Fossum og Mats Carlsson har tatt livet av den mest populære teorien for kvifor det er varmare i Solas atmosfære enn på Solas overflate. (Foto: Trace/NASA/LMSAL )

Det er ikkje energien som blir overført via høgfrekventerte lydbylgjer som blir danna under overflata til Sola som er årsaka til at temperaturen i Solas atmosfære er høgare enn på Sola. Desse bylgjene inneheld nemleg berre ti prosent av den energien som må til for å varma opp Solas atmosfære til eit par millionar grader. Det slår doktorgradsstipendidat Astrid Fossum og professor Mats Carlsson ved Astrofysisk institutt fast i ein nyleg publisert artikkel i Nature.

Ville testa populær teori

Det var professor Mats Carlsson som sommaren 2003 gav doktorstipendiat Astrid Fossum hennar livs vanskelegaste oppgåve: Dei to skulle i fellesskap testa den mest populære teorien for kvifor det er varmare i Solas atmosfære enn på Solas overflate. Dei tok kontakt med NASA og fekk avtalt at solteleskopet Trace skulle måla dei vitskaplege dataene som dei var ute etter når dei var klare til å ta imot opplysningane på det svenske solobservatoriet på La Palma på Kanariøyane. Solteleskopet går i Jordas atmosfære og går rundt jorda 15 gonger i døgeret i ei solsynkron bane.

- Då me var på La Palma bad me NASA om stilla inn Trace slik at me kunne få ein spesialobservasjon av dei høgfrekventerte lydbylgjene i ein og ein halv time på to ulike døger og på forskjellige tidspunkt kvar gong. Då samla me inn alle data teleskopet hadde observert og kom fram til eit spekter sett saman av dei bileta teleskopet hadde tatt av desse høgfrekventerte lydbylgjene, fortel Astrid Fossum og Mats Carlsson. Teleskopet tok eit bilete kvart trettande sekund over halvannan time.

- På den måten kunne me sjå korleis lyset varierer med tida. Då kunne me også finna ut kor stor del av varmen som skuldast dei høgfrekventerte lydbylgjene ved å sjå på kor mykje energi som blei produsert av variasjonane i lydbylgjene, fortel Carlsson.

Brukte tungreknemaskina Magnum

Utrekningane blei gjorde på tungreknemaskina til USIT, som ber namnet Magnum. Ved hjelp av datamaskina fekk dei også laga ein modell av lydbylgjene slik at den samsvara med dei observasjonane som blei gjorde av solteleskopet Trace(Transition Region and Coronal Explorer). Dei simulerte Solas atmosfære ved hjelp av tungreknemaskina.

- Ved hjelp av datamaskina kunne me då rekna ut kor mykje energi det var i kvar høgfrekventerte lydbylgje og om det stemte med observasjonane våre. Me fann ut at det var mogleg å oppdaga høgfrekventerte bylgjer med periodar heilt ned til 40 sekundar, forklarar Fossum.

No har altså både ho og rettleiaren hennar, Mats Carlsson, tatt livet av ein 70 år gamal teori. Difor har dei klart for seg kva dei ynskjer å forska på i neste omgang.

- Me ynskjer å finna ut årsaka til at det er varmare i Solas atmosfære enn på soloverflata. Til no har me berre funne ut kva som ikkje er grunnen. Om me klarer det, så vil det bli lagt merke til, trur Mats Carlsson og Astrid Fossum.

Emneord: Forskning, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2005 10:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere