Statsministeren opna Childhoods 2005

- Forsking er eit viktig grunnlag for å kunna skapa ein god barne- og ungdomspolitikk i alle samfunn. Sidan forsking på barn og ungdom ber i seg store tverrkulturelle aspekt, bør det bli fokus for internasjonal merksemd og samarbeid. Det sa statsminister Kjell Magne Bondevik då han opna den internasjonale forskarkonferansen Childhoods 2005 på Universitetet i Oslo i formiddag.

BARNDOM: Gruppa "Life before 18" gav ei påminning om det mangfald av røynsler som til saman blir kalla for barndom og ungdom.
Foto: Martin Toft

1100 forskarar frå over 90 land fylgde med då statsminister Kjell Magne Bondevik heldt opningstalen på den internasjonale konferansen om forsking på barn og unge, Childhoods 2005, i Sophus Lies auditorium i formiddag. Etter at han blei introdusert av rektor Arild Underdal opna han med å visa til at dei som arbeider med barn i statsforvaltinga i Noreg har eit viktig motto:

- Ta barn alvorleg. Forsking på barn og unge er ein viktig måte å ta barn alvorleg på. Det er ei viktig kjelde til informasjon og kunnskap og resultata bør bli gitt tilbake til målgruppene, slo han fast. Bondevik tok utgangspunkt i 100-årsmarkeringa for oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige.

- Dei siste hundre åra har me lært at barn og unge må møtast med respekt og anerkjenning frå dei vaksne. Barn og unge må få tala med deira eigne stemmer og dei må bli lytta til. Gjennom meiningsfulle aktivitetar og oppgåver, blir barn i stand til å utvikla tillit og til å veksa som individ, sa han. Han sette også pris på at Universitetet i Oslo hadde tatt initiativet til å skipa til denne store forskarkonferansen om barn og unge og å gjera denne konferansen til sitt offisielle bidrag til markeringa av unionsoppløysinga i 1905. Bondevik avslutta med å gi forskarane ei utfordring.

- Me treng det internasjonale forskarsamfunnet for at me skal kunna forma ut ein politikk som er grunnlagt på kunnskap. De må setja fokus på potensialet til barn og unge. Me er avhengige av ressursane til barn og unge for å kunna skapa framsteg, for å skapa positive endringar både i nasjonsbygging, demokratiutvikling og i fredsskaping, understreka statsministeren.

16 unge frå alle verdsdelar fylgde opp med ei framsyning som gav deltakarane ei påminning om det mangfald av røynsler som til saman blir kalla for barndom og ungdom. Gruppa kallar seg for "Life before 18" og er sett saman i samband med konferansen. Den varer fram til 3. juli og i løpet av den tida skal deltakarane presentera 800 vitskaplege artiklar om barn og ungdom.

Temaene spenner frå fra barn og kunst, utdannings- utvikling, korleis HIV og Aids påverkar livssituasjonen til barn, trafficking av barn og unge, multietnisk oppvekst, barnehelse, velferd, konsum, medverknad og deltaking, og til plassen til barnet i religionane. Den første sesjonen blei avslutta med innlegg frå leiar for Unicefs Innocenti Research Centre, Marta Santos Pais og presidenten for Childwatch International Research Network, Irene Rizzini.

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2005 11:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere