Norsk Ordbok får truleg ein million ekstra

Prosjektet Norsk Ordbok 2014 får ein million kroner ekstra i det reviderte statsbudsjettet for 2005. – Eg blei både svært glad og litt overraska då eg fekk dette nyhendet, seier prosjektdirektør Kristin Bakken til Uniforum.

NØGDE: Prosjektdirektør Kristin Bakken og hovudredaktør Lars S. Vikør i Norsk Ordbok er glade for at prosjektet truleg får ein million kroner ekstra i revidert statsbudsjett. (Arkivfoto)
Foto: Martin Toft

Norsk Ordbok får ein million kroner ekstra på det reviderte budsjettet for 2005. Etter at forslaget også truleg blir vedtatt av Stortinget denne veka, er det klart at julekvelden kom eit halvt år for tidleg på prosjektdirektør Kristin Bakken i år.

– Dette vil gjera det mogleg for oss å oppretta fire nye stillingar. Det vil seia at me kan vidareføra engasjement som var i ferd med å gå ut og samtidig oppretta to nye redaktørstillingar, opplyser ho til Uniforum. Ho synest det er ekstra fint å få denne løyvinga når ho høyrer grunngjevinga for den.

– Jau, departementsfolka som var her under lanseringa av det siste bandet av Norsk Ordbok, har peika på at dette er eit prosjekt som er overtydande når det gjeld målstyring og leveringsdugleik. Kultur- og kyrkjedepartementet synest prosjektet er svært seriøst, er tilbakemeldinga me har fått, seier Bakken. Opphavleg hadde ho bede om å få 835 000 kroner ekstra i statsbudsjett for 2006 for å kompensera for underløyvinga i år. Ho ville ikkje ha drøymt om at prosjektet ville få meir enn ho bad om allereie i forslaget til revidert budsjett.

– Men det er sjølvsagt mykje betre å få midlane no og ikkje neste år. No må me kasta oss rundt og læra opp nye redaktørar så snart som mogleg, konstaterer ho oppglødd. Til saman har prosjektet dermed fått eit årsbudsjett på 12,7 millionar kroner for 2005.

Emneord: Nynorsk, Fakultetene, Forskning Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2005 15:55 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere