Med eit muntert blikk på styre og stell

Auka taletempo i trontaledebatten og samanhengen mellom liberal teologi og arbeidsmarknaden for teologar er tema for to artiklar av pensjonert professor Ulf Torgersen. ved Institutt for statsvitskap. Desse to artiklane og 16 til er no samla i boka "Styre og stell".

MUNTERT: Ulf Torgersen ser på styre og stell med eit muntert blikk i denne boka. Omslaget er teikna av Finn Graff.
Foto: Martin Toft

Boka blei lansert under ei lita tilstelling ved Institutt for statsvitskap med forfattaren til stades. Den første som tok ordet var professor Øyvind Østerud som har skrive introduksjonen i boka.

- Eg ville gjerne skriva eit miniportrett av Ulf Torgersen, men problemet var at eg eigentleg ikkje hadde tid. Men så kom eg på at eg jo kunne bruka det same som eg skreiv til han på 70-årsdagen. Og det var faktisk ikkje naudsynt å revidera så mykje i det, sa han.

I eit morosamt og personleg miniportrett skriv Østerud blant anna fylgjande:

"Ulf Torgersens avsmak for det pretensiøse avspeiler seg i hans prosa. Han trenger sjelden tekniske ord og uttrykk for å komme til poenget, om resonnementet er aldre så subtilt. Frodig dagligtale gjør tjenesten. Hans forfatterskap er gull verdt når det gjelder å redde samfunnsforskning fra språklig obskurantisme, og når det gjelder å utvikle norsk som fagspråk."

Østerud plasserer Ulf Torgersen inn blant ein av dei unge i den første pionergenerasjonen av norske statsvitarar som Arne Næss, Torstein Eckhoff og Stein Rokkan - alle forskarar som han har samarbeidd med. I introduksjonen kjem også Østerud inn på Isiah Berlins metafor over forskartypar: Difor meiner han at Ulf Torgersen snarare er ein rev enn eit piggsvin.

"Reven visste mange ting, mens pinnsvinet visste én stor ting", siterer Østerud Berlin.

Etter innleiinga til Øyvind Østerud tok Ulf Torgersen sjølv ordet.

- Eg synest miniportrettet ditt var både treffande og presist. Det einaste du hadde gløymt var ordet genial. Det som er heilt rett, er at eg har påfallande få fiendar. Det som du heller ikkje fekk med deg var at eg heldt på å bli student ved Kunst- og handverksskulen i staden for ved Universitetet i Oslo. Ja, eg dreiv det faktisk så langt at eg laga karikaturteikningar for Arbeiderbladet, fortalde han. Samtidig takka han Siri Haavie som tok initiativet for å få utgitt artiklane hans i bokform og for å ha redigert boka.

Og når det gjeld artikkelen om utviklinga av taletempoet i trontaledebatten frå 1945 til 1995, fann Ulf Torgersen ut at det blei sagt dobbelt så mykje i løpet av eitt minutt i 1995 enn 50 år før. Det fann han ut ved å granska Stortingstidende og finna ut kor mange anslag i minuttet stenografane brukte i 1945 i høve til 1995. Medan det i 1945 blei brukt gjennomsnitteleg 584 anslag i minuttet, blei det brukt 863 anslag i minuttet i 1995. I denne artikkelen frå 1999 konkluderer Ulf Torgersen med at kampen om ordet fører til større tempo i bruken av ordet.

Emneord: Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2005 16:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere