Knyter nettverk mellom tre kontinent

Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen er dei to einaste norske universiteta som deltar i det internasjonale nettverket World Universities Network (WUN). - Hovudfokuset er forskingssamarbeid noko som skil det frå andre nettverk, seier WUN-koordinator Dag Olav Høgvold ved UiO.

AVTALE: Arild Underdal takkar WUN-direktør David Pilsbury for invitasjonen til å bli medlem i WUN sommaren 2003.
Foto: Martin Toft

I dag er det 16 mellomstore universitet på tre kontinent som har fått medlemskap i World Universities Network. To av medlemsuniversiteta er kinesiske, medan dei andre er amerikanske og europeiske.

- Målet er å leggja til rette for fagleg samarbeid mellom forskingsgrupper på desse universiteta. Fagmiljø som ser det som interessant med eit samarbeid, kan gå inn i eksisterande grupper eller starta nye. Dei siste fire åra er det kome til stadig nye grupper slik at det til saman finst mellom 50 og 60 forskargrupper innanfor alle fag, fortel WUN-koordinator Dag Olav Høgvold ved UiO. Og dette nettverker er heller ikkje heilt utan økonomiske musklar.

- Nei, både UiO og WUN har midlar som kan setjast inn, viss me ser at nokon ynskjer å etablera nye prosjekt som også kan henta inn pengar frå EU og andre pengekjelder, fortel Høgvold. Oppgåva hans som WUN-koordinator er i stor grad å organisera møte og leggja forholda til rette for at forskarar skal møtast.

- Eg prøver i stor grad å organisera videokonferansar mellom forskarane for å halda reiseutgiftene nede, presiserer han.

Deler ut utvekslingsstipend

Akkurat no vil han gjerne ha tak yngre forskarar som kan tenkja seg å slå til på eit utvekslingsprogram som WUN har oppretta.

- Dei som får søknaden innvilga, kan få opptil 10 000 kroner i månaden i inntil seks månader dersom dei tar eit forskingsopphald ved eit av dei seksten medlemsuniversiteta. Reiseutgiftene blir også dekka. I tillegg vil dei motta den løna dei vanlegvis får. Me er ute etter både Ph.D.- og post.dok.-stipendiatar som kan tenkja seg å dra til eitt av dei utanlandske universiteta, fortel han.

Det er søknadsfrist fire gonger i året. Den første er 1. september 2005. UiO har sett av ein pott på 250 000 kroner til dette på 2005-budsjettet.

- Dersom det er hard konkurranse mellom søkjarane, vil me prioritera dei som allereie deltar i eit forskingssamarbeid, framhevar han. I dag deltar åtte forskargrupper ved UiO i samarbeid med forskargrupper ved dei andre universiteta i WUN-nettverket.

- Nyttig nettverk

Ei av gruppene er knytt til "Centre for Physics and Geological Processes (PGP) ", som er eitt av sentra for framifrå forsking ved UiO. Der leier seniorforskar Hans E. Amundsen ei tverrfagleg forskargruppe som er sett saman av fysikarar, geologar og mikrobiologar.

- Eitt av måla våre er å forska nærare på forvitring, altså korleis berg og stein blir brotne ned over tid av små mikrobar. Her er samanhengen mellom geologi og biologi svært viktig, fortel han. Forskinga er svært internasjonal og dei har knytt til seg forskarar frå universitet som er med i WUN-nettverket.

- Det har vore svært nyttig for oss. Ikkje minst har dei som jobbar med WUN ved UiO vore serviceinnstilte og flinke til å organisera videkonferansar mellom oss og dei forskarane me samarbeider med i Pennsylvania i USA og i Leeds i Storbritannia, synest Amundsen.

- PGP vil tilsetja ein post.dok med forvitring som spesialfelt, og me vil sjølvsagt senda inn ein søknad om at denne stipendiaten skal få eitt av utvekslingsstipenda som UiO skal dela ut, poengterer han.

Fakta om WUN:

- WUN (World Universities Network) - nettverk mellom 16 universitet på tre kontinent
- i Noreg er Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen dei einaste medlemane
- nettverket legg forholda til rette for forskarsamarbeid og forskarutveksling mellom medlemsuniversiteta
- Dag Olav Høgvold i Forskingsadministrativ avdeling er WUN-koordinator ved UiO

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2005 10:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere