Gjorde stas på uteksaminerte masterstudentar

Dei 15 første uteksaminerte masterstudentane blei gjort stor stas på av Institutt for kriminologi og rettssosiologi fredag 17. juni. I ein høgtideleg seremoni i Gamle festsal fekk dei overrekt vitnemål og blomar av instituttleiar Liv Finstad og nestleiar Kristian Andenæs .

UTEKSAMININERTE: Instituttleiar Liv Finstad gratulerer dei 15 uteksaminerte masterstudentane.
Foto: Ola Sæther

- Dette er eit positivt resultat av Kvalitetsreforma, seier Liv Finstad til Uniforum like før seremonien tar til.

- Alle desse studentane har halde timelange forelesingar for lærarane og medstudentane sine tidlegare denne veka. Dermed markerer ein slik minidisputas at hovudoppgåva til masterstudentane også er ein del av forskingsarbeidet ved instituttet. Slik kan kandidatane også visa kor gode dei er til å formidla resultata av prosjektarbeida sine, presiserer ho.

Samfunnsrelevans

Under avslutninga heldt ho ein tale der ho viste til korleis studentane hadde utført prosjekt med stor samfunnsrelevans. Ho nemnte spesielt ei oppgåve som hadde tatt føre seg dei som har gata som arbeidsplass i Oslo. - Masterstudenten som hadde skrive denne oppgåva blei internvjua på NRK Østlandssendinga i dag. Eg reknar med at de vil få høyra om fleire av oppgåvene til desse masterstudentane i andre massemedium også, håpa ho.

Seremonien blei ramma inn av gitarstudent Åge Holmgren frå Noregs Musikkhøgskule som spelte eit par klassiske musikkstykke for dei frammøtte.

- Ålreit seremoni

Etter seremonien trefte med den ferdig uteksaminerte studenten, Bodil Leira Stene.

- Eg synest det var ein bra og innmari ålreit seremoni, seier ho til Uniforum. Sjølv har ho skrive ei masteroppgåve om reintegrering av albanske kvinner som har jobba som prostituerte i Vest-Europa.

- Det blir for dårleg tid til å skriva om eit så omfattande emne samanlikna med tida ein student tidlegare hadde på hovudoppgåva. For i tillegg er det mange obligatoriske oppgåver som må innleverast og emne som me må delta på, synest ho. Også Katarina Gjeruldsen er nøgd med seremonien.

- Det var ein høgtideleg og passeleg lang seremoni. Det var fint med klassisk gitar som ei innramming rundt denne avslutninga, synest ho. Gjeruldsen meiner det er ein god idé å lata masterstudentane halda ein offentleg minidisputas for medstudentar og lærarar.

- Det er eit fint høve til å formidla forskinga vår til både venner, familie og til andre studentar, konstaterer ho. Hennar masteroppgåve handlar om dilemma i eit ope fengsel for unge kriminelle rusmisbrukarar i Buskerud. Også ho synest at det har vore beinhard jobbing på masterstudiet.

- Eit godt døme på det er at me var 29 studentar som byrja på masterstudiet, medan det berre er 15 som blir uteksaminerte etter normert tid. Hovudgrunnen til det er likevel at nokon har svangerskapspermisjon medan nokon har feltstudium i utlandet, presiserer ho. - Nokon av dei har også gått over på andre masterstudium, opplyser instituttleiar Liv Finstad til Uniforum.

Emneord: Kriminologi og rettssosiologi, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2005 11:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere