400 humanistar på flyttefot
Eitt år etter vedtaket om samanslåing er samlokaliseringa av dei sju nye institutta på HF i ferd med å bli realisert. Denne veka kom flyttinga av 400 tilsette med portefølje for alvor i gang. Medan nokon flyttar frå den eine enden av campus til den andre, er det andre som flyttar opp eller ned eit par etasjar i Nils Treschows hus.

Den eininga som får den lengste flytteruta er Mellomaldersenteret. Det skal flyttast frå Forskingsparken til Blindernvn. 11 der det blir samlokalisert saman med andre frå Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium (IAKH).
Teatervitskap blir flytta frå ZEB-bygningen til Nils Treschows hus der dei tilsette får dela lokale med heile Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Dermed blir Institutt for musikkvitskap åleine igjen i ZEB-bygningen. Og kunsthistorie blir flytta frå Blindervn. 11 til HF-bygningane på campus. Til saman vil fire av dei sju nye institutta bli lagde til dei tre HF-bygningane på campus. Historikarane vil framleis halda til i Niels Henrik Abels hus (Matematikkbygningen).
Masse hjelp
- Det har vore ein svær flytteprosess som er blitt dyktig leia av Teknisk avdeling. Me har fått masse hjelp frå flyttebyrået, reinhaldarane og elektrikarane, fortel Truls Bjørvig, som har vore flyttekoordinator for fakultetsnivået.
Etter planen skal heile fakultetsadministrasjonen også
samlokaliserast i Nils Treschows hus. - Men den flyttinga
blir nok ikkje ferdig før 26. august, meiner Bjørvig. Dei
fleste av dei tilsette har også sjølve deltatt aktivt i
flyttinga.
- Det er dei som har pakka ned bøker og bilete og kasta gamle
papir og anna avfall. Så har IT-seksjonen tatt seg av
nedpakkinga av datautstyret og til slutt har
flyttekoordinatorane sjekka dei siste detaljane, fortel
Bjørvig.
Felles forståing
- Den største utfordringa har vore å skapa ei felles forståing for det som skulle skje, fortel flyttekoordinatorane Torunn Espe ved IKOS (Institutt for kulturstudium og orientalske språk) og Mons Andreas Finne Vedøy ved ILOS (Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk og Trond Larsen ved ILN (Institutt for lingvistiske og nordiske studium)
- Det har vore ei stor logistisk utfordring samtidig som det har vore viktig å motivera folk til å flytta. Nokre av dei tilsette var svært kritiske til flyttinga i byrjinga, men etter kvart har dei kome til at det var fint å koma saman med resten av det nye instituttet. Andre har vore positive heile tida, legg dei til.
Færre rom for studentar
Dei seier seg lei for at det no blir færre pauserom for dei tilsette og færre lesesalar og undervisningsrom for studentane.
- Det er ein naturleg konsekvens av at det vil vera fleire tilsette i desse bygningane etter innflyttinga enn før. Difor må fakultetet nytta undervisningslokale andre stader på campus, fortel dei.
Fakultetsdirektør Inge Øystein Moen og dekan Bjarne Rogan ruslar bort til oss medan me snakkar med flyttekoordinatorane.
- Flyttekoordinatorane har gjort ein kjempejobb og ein innsats som det står stor respekt av. Utan dei ville det ikkje ha sett ut her. Dei har også vore flinke til å stilla krav på dei flyttemøta me har hatt. Dei fortener ei skikkeleg tilstelling etter denne jobben, slår han fast.
Flyttinga vil altså først vera over når fakultetsadministrasjonen har flytta inn i Nils Treschows hus den 26. august.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere