Skal auka kvaliteten på høgare utdanning i Europa

- Innan 2010 skal det ha skjedd ei markert betring av kvaliteten på all høgare utdanning i Europa. Det sa utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet då ho opna ministerkonferansen om høgare utdanning i Bergen torsdag 19. mai.

ATTRAKTIVT: - Hovudmålet vera eit sterkt europeisk utdanningsområde som er attraktivt både for gode studentar og gode forskarar, sa Kristin Clemet då ho opna konferansen.
Foto: Ola Sæther

50 statsrådar, 50 journalistar, fleire titals byråkratar og ein del studentar var til stades då utdannings og forskingsminister Kristin Clemet heldt opningstalen på konferansen om høgare utdanning i Bergen.

På konferansen kjem ministrar og byråkratar frå deltakarlanda i Bolognaprosessen saman for å drøfta korleis det skal bli lettare for studentar og forskarar å studera i andre land enn sine eigne utan at det blir lagde store hindringar i vegen for dei. Målet er at landa skal godkjenna tilsvarande utdanning i andre land slik at studentar og forskarar kan nytta seg av studietilbod og forskingsprogram på tvers av landegrensene. Difor er statsrådane no i ferd med å drøfta innføring av eit felles europeisk system for kvalitetssikring av utdanning.

Kristin Clemet gjekk offensivt ut i talen sin og staka opp fleire mål som deltakarlanda skal ha nådd i løpet av dei fem åra fram til 2010.

Eit europeisk utdanningsområde

- Alle dei nasjonale modellane for høgare utdanning må kommunisera med kvarandre slik at det blir lettare for studentar og forskarar å ta studieopphald utanfor heimlandet. I tillegg skal det vera eit system for kvalitetssikring og kvalitetsbetring i alle deltakarlanda.

- Med andre ord skal hovudmålet vera eit sterkt europeisk utdanningsområde som er attraktivt både for gode studentar og gode forskarar. Dette vil vera til fordel for landa våre og vil skapa ei betre framtid for studentar og forskarar i Europa, håpa Clemet. Ho understreka at dette skulle gjerast på ein open og rettferdig måte med omsyn til andre og fattigare delar av verda.

- Viktig prosess

Clemet kom også med eit forsvar for heile Bologna-prosessen.

- Prosessen er viktig fordi den er viktig for innbyggjarane i landa våre. Det er dette som forklarar suksessen for denne prosessen. Dersom den ikkje hadde kome i gang, ville me truleg ha vore på ein heilt annan stad i dag.

- Sterke universitet er no ein føresetnad for den personlege utviklinga og suksessen til kvart einskild individ. Det skapar grunnlaget for demokratisk utvikling, kulturell identitet og kreativitet og framtidig nyskaping og vekst.

- Som ansvarlege statsrådar arbeider med for det beste for folk og nasjonar, og difor ynskjer me at høgare utdanning skal vera med på å utvikla kunnskapar og evner som kan fremja dette målet, slo ho fast.

EUs kommisær for høgare utdanning, Jan Figel, fylgde opp med å lista opp dei globale utfordringane innan høgare utdanning.

- Sjølv om Europa er eit godt utdanna samfunn, har berre 21 prosent av dei EU-innbyggjarane som er i arbeidsdyktig alder høgare utdanning. Dermed kjem me langt bak USA (38 pst:), Canada (43 pst.), Japan (36 pst.) og Sør-Korea (26 pst.). Det finst også langt fleire forskarar for kvar tusande innbyggjar i desse landa enn i EU-landa, konstaterte han.

Han såg difor fram til at ministerkonferansen ville bli samd om å etablera ein felles europeisk standard både for universitet og for kvalitetssikringskontor.

- Me vil også lansera ideen om eit eige europeisk register for høgare utdanning. Sjølv om eg har stor sans for diversitet, trur eg det vil vera naudsynt med ein minstegrad av felles rammer når det gjeld referansar og standardar, understreka EUs kommissær for utdanning.

Fredag 20. mai skal dei europeiske ministrane kunngjera innhaldet i eit eige Bergen-kommuniké.

Emneord: Kvalitetsreformen Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2005 16:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere