Ja til sameflagget på 17. mai

Universitetet i Oslo kjem til å flagga både med sameflagget og det norske flagget på Frederikkeplassen 17. mai. Det opplyser teknisk direktør Frode Meinich til Uniforum.

FLAGGAR SAMISK: UiO vil heisa tre samiske og tre norske flagg på Fredrikkeplassen på 17. mai.
Foto: Martin Toft

Den 17. mai kjem Universitetet i Oslo til å heisa tre samiske og tre norske flagg på Frederikkeplassen. Det har teknisk direktør Frode Meinich og rektor Arild Underdal bestemt. Rett før helga fekk Teknisk avdeling ei oppfordring frå Norsk senter for menneskerettar om å heisa det samiske flagget ved sidan av det norske flagget på 17. mai. Etter å ha samrådd seg med Underdal, gav teknisk direktør grønt lys for dette forslaget.

Dermed gjer Universitetet i Oslo det som Bystyret i Oslo har sagt nei til. Så dei som vil sjå samiske flagg i Oslo på 17. mai, kan ta turen til Frederikkeplassen på Blindern. Men det blir ikkje samiske flagg på flaggstanga til UiO på Universitetsplassen i sentrum.

- Det har me ikkje lov til. Dersom det berre er ei flaggstang skal det norske splittflagget brukast. Dersom det hadde vore to stenger der, kunne me også ha heist det samiske flagget på Universitetsplassen, seier Meinich.

Positiv sameforeining

Leiar for Oslo sameforeining, Ingrid Jåma synest dette er eit positivt nyhende.

- Eg har sjølvsagt ingenting i mot at UiO flaggar med det samiske flagget på 17. mai. Det er heilt sikkert mange samiske studentar med ulik bakgrunn der. Nokon av dei vedkjenner seg den samiske identiteten, medan andre ikkje gjer det, seier ho til Uniforum.

- Det er eit flagg å vera stolt av, spesielt for meg som har opplevd fornorskingspolitikken, legg ho til.

Emneord: Internasjonalisering, Seremoniar Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2005 16:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere