Clemet nekta å gjera Bologna til ein EU-prosess

- Eg avviste eit forslag om å gjera Bologna-prosessen til ein EU-prosess. Det ville føra til at 20 land ville falla utanfor. Det sa statsråd Kristin Clemet til Uniforum etter ministerkonferansen om høgare utdanning i Bergen fredag 20. mai.

NEI TIL EU: Kristin Clemet avviste å gjera Bologna-prosessen til eit EU-prosjekt under ministerkonferansen i Bergen.
Foto: Martin Toft

Medan dei 45 europeiske ministrane skreiv under Bergen-kommunikeet, demonstrerte 50 internasjonale studentar utanfor konferanselokalet mot kommersialisering og privatisering av utdanning. På ein alternativ forskarkonferanse på Universitetet i Bergen, frykta fleire at EU hadde ambisjonar om å overta heile Bologna-prosessen. Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet meiner det ikkje lenger er grunn til uro.

- Det kom opp eit forslag om å gjera Bologna-prosessen til ein EU-prosess, men det gav eg klar melding om ikkje måtte koma på tale. Dermed blei det slutt på den kivinga som har eksistert mellom EU-kommisjonen og Bologna-prosessen. Vidareføringa av Bologna-prosessen etter 2010 skal heller ikkje bli eit EU-prosjekt, slo Clemet fast.

I Bergen-kommunikeet har ministrane skrive under på at regjeringane deira fram til 2007 skal prioritera styrking av arbeidet med kvalitetssikring, ei gjensidig godkjenning av gradar og innføring av eit nasjonalt rammeverk for kvalifikasjonar. Kommunikeet konstaterer at samarbeidet mellom deltakarlanda har gjort store framsteg dei siste par åra og at måla i prosessen er i ferd med å bli nådde. Hovudmålet er å skapa eit felles område for høgare utdanning i Europa i 2010.

Styrkjer den sosiale dimensjonen

Clemet er svært nøgd med at ministrane blei samde om å styrkja den sosiale dimensjonen i Bologna-prosessen.

- Me skal styrkja den sosiale dimensjonen i arbeidet gjennom å sikra mobilitet og tilgang til høgare utdanning for studentar i alle landa, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn. Og me understrekar at det europeiske området for høgare utdanning skal stimulera til utveksling av studentar og tilsette også frå andre verdsdelar, lovar dei europeiske utdannings- og forskingsministrane.

Nøgd NSU-leiar

Leiaren for Norsk Studentunion, Jørn A. Henriksen frå Lofoten er godt nøgd med dette.

- Det er eit svært viktig punkt for studentane frå dei nye deltakarlanda i Aust-Europa og Kaukasus. Ikkje minst er det viktig at alle landa forpliktar seg til å koma med ein rapport om korleis statusen er for den sosiale dimensjonen på den neste ministerkonferansen i London i 2007. Dette kan me ikkje minst takka representanten til European National Students` Union for. Ho deltok heile tida i forhandlingane under ministermøta, seier ein smilande NSU-leiar.

Den norske ministeren legg vekt på at landa no skal konsentrera seg om å gjennomføra hovudpunkta på nasjonalt nivå, og at dette skal skje i nært samarbeid med institusjonane, studentane og dei tilsette.

I kommunikeet går det også fram at deltakarlanda lovar å gjera det enklare for studentar og forskarar å få visum og opphaldsløyve i samband med lengre studie- og forskingsopphald. Det skal også innførast system for evaluering av dei nasjonale kvalitetssikringsorgana. I tillegg skal det skapast rom for fleksible læringsarenaer innan høgare utdanning som inkluderer prosedyrar for godkjenning av realkompetanse.

Møtet i Bergen tok også opp Armenia, Aserbadjan, Georgia, Moldova og Ukraina som nye medlemsland. Søknadane frå Kazakstan og Kosovo blei avviste blant anna fordi dei ikkje har underskrive den europeiske kulturkonvensjonen.

Emneord: Kvalitetsreformen, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2005 16:13 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere