Gro Harlem Brundtland æresdoktor ved UiO

Gro Harlem Brundtland blir utnemnt til æresdoktor ved UiO under Universitetets årsfest 2. september. Men det er ikkje berre Noregs tidlegare statsminister som får denne æra. Også Sveriges mest berømte forfattar Per-Olov Enquist og den amerikanske nobelprisvinnaren i kjemi, Peter Agre , blir kreerte til æresdoktorar ved UiO den same dagen, skriv UiO i ei pressemelding.

ÆRESDOKTOR: Gro Harlem Brundtland blir æresdoktor ved UiO. I 1995 heldt Brundtland Arena-forelesinga i Eilert Sundts hus. (Foto: Ellen Holte)

Til saman blir det utnemnt 13 nye æresdoktorar på Universitetets årsfest.

Denne lista viser kven fakulteta har foreslått som æresdoktorar ved UiO:

Det teologiske fakultetet:

Professor Wanda Deifelt (f. 1963), Luther College, Iowa, USA

Det juridiske fakultetet:

Professor Welshman Ncube (f. 1961), Universitetet i Zimbabwe, Harare

Professor Mads Bryde Andersen (f. 1958), Københavns Universitet, Danmark

Det medisinske fakultetet:

Professor Peter Agre (f. 1949), Johns Hopkins University, Baltimore, USA

Gro Harlem Brundtland (f. 1939), Norge

Det humanistiske fakultetet:

Professor Joan L. Bybee (f. 1945), University of New Mexico, Albuquerque

Forfattar Per Olov Enquist (f. 1934), Sverige

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetet:

Professor Jörn Thiede Thiede (f. 1941), Universität Bremen/direktør ved Alfred-Wegener- Institut, Bremerhafen

Professor Ben R. Mottelson (f. 1926), NORDITA, København

Det odontologiske fakultetet:

Professor Ole Fejerskov (f. 1943), direktør i Danmarks Grundforskningsfond, København

Det samfunnsvitenskapelige fakultetet:

Professor Peter J. Hammond (f. 1945), Stanford University, USA

Professor Ulf Hannerz (f. 1942), Stockholms universitet, Sverige

Det utdanningsvitenskapelige fakultetet:
Professor Yrjö Engeström (f. 1948), Helsingfors Universitet, Finland

Emneord: Årsfesten
Publisert 13. apr. 2005 13:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere