Urbygningen Årets bygg 2004

Urbygningen til UiO blei kåra til Årets bygg 2004 under ByggeGallaen i Oslo tysdag kveld, går det fram av nettportalen Bygg.no. Det var entreprenørselskapet Skanska som fekk utdelt førstepremien for rehabiliteringa av Urbygningen, som offisielt heiter Domus Academica.

ÅRETS BYGG: Skanska fekk utdelt prisen for Årets bygg 2004 for rehabiliteringa av Gamle festsal og resten av Urbygningen.

- Dette er gledeleg og svært moro, synest teknisk direktør Frode Meinich ved UiO. Sjølv visste han ingenting om denne kåringa før han fekk eit tips tidlegare på onsdag.
- Eg vil gjerne gi alle ære vidare til Statsbygg og entreprenørane, seier han i ein kommentar til Uniforum.

Medan arbeidet var i gong, kalla Riksantikvaren rehabiliteringa av Domus Academica, populært kalla Urbygningen, dagens viktigaste rehabiliteringsprosjekt. Å ta vare på denne historia i rehabiliteringsarbeidet kravde eit tett samarbeid med Riksantikvaren og byggherren. Oppdragsgjevar var Statsbygg og prosjektet hadde ein kontraktssum på 48,7 millionar kroner. Arbeidet blei gjennomført frå mai 2002 til juni 2004. Arkitekt for prosjektet er NAV arkitekter AS.

Dei andre nominerte var Bjørkelangen sykehjem og Byåsen videregående skole i Trondheim, går det fram av Bygg.no.

Emneord: Urbygningen, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2005 17:02 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere