Koplar forskarar med investorar

Pengesterke investorar kan no koma til å kasta auga sine på forsking og nyskaping. Det håpar i alle fall informasjonssjef Kathrine Myhre i Birkeland innovasjon AS ved UiO. Torsdag 10. februar klokka 18.00 kan forskarar og investorar møtast på eit stort arrangement på Rockefeller i samarbeid med nettverket "First Tuesday".

TREFFSTAD: - Dette blir eit glimrande høve for forskarar til å bli kjende med investorar, trur informasjonsjef Kathrine Myhre i Birkeland innovasjon.
Foto: Ståle Skogstad

- Målet er å skapa ein møteplass der forskarar kan bli kjende med investorar og få presentert prosjekta sine for dei. Dermed kan dei få inn pengar til å vidareutvikla ideane sine til ferdige produkt, håpar Myhre, som gjerne vil visa kva gullgruve forsking kan bli for framtidig nyskaping.

- Difor vil me presentera IT-forskaren Tobias Dahl som har utvikla eit system for fjernstyring av ein dataskjerm og ernæringsforskaren Rune Blomhoff som har klart å utvikla sjølvlysande forsøksmus, fortel ho. Dette møtet mellom forskarar og investorar blir opna av næringsminister Børge Brende, men også investoren Erik Must, universitetsdirektør Inger Stray Lien og NHO-direktør Finn Bergesen, vil vera til stades.

Emneord: Birkeland Innovasjon, Forskning Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2005 15:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere