Vil hjelpa dei flområka i Sør-Asia

Syskena Mathias, Sara, Mia og Fredrik har i dag stått på Blindern og samla inn over 1000 kroner til dei flaumråka i Sør-Asia. Faren Knut Gørvel fortel at dei også klarte å samla inn 1000 kroner på nyttårsaftan ein annan stad i Oslo.

VIL HJELPA: Sara, Mia og Mathias står på Blindern og sel brukte bøker til inntekt for dei flaumråka i Sør-Asia
Foto: Ola Sæther

- Det var nok dei vaksne sin idé, men det er barna som har kome på at dei også ville selja nokon av sine eigne barnebøker for 20 kroner stykket, fortel han. Dei andre bøkene har han sjølv tatt med seg frå den bokrelaterte arbeidsplassen sin. Pengane blir sende til felleskontoen til dei norske hjelpeorganisasjonane.
- Eigentleg hadde me trudd det ville ha vore fleire personar her i dag, seier han. Alle frys, men så lenge salet går godt, blir dei ståande. Då Uniforum var på plass, kjøpte alle som gjekk forbi noko av dei fire barna.

Emneord: Internasjonalisering, Flaumkatastrofen i Sør-Asia Av Martin Toft
Publisert 3. jan. 2005 14:08 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere