Drammen, Trondheim og Sunnmøre best i tysk-konkurranse

Over 1320 elevar frå heile landet deltok i den landsomfattande konkurransen om beste prosjekt om dei tyskspråklege landa. Vinnarane blei Heimdal videregående skole i Trondheim, Stordal skule på Sunnmøre og Aronsløkka skole i Drammen. Til saman kom det inn 85 klasseprosjekt. Arrangør var Nasjonalt ressurssenter for tysk ved UiO.

TYSK I FOKUS: Prisjury. F.v. Katja Lütze, Karsten Wiemann, Frauke Muth, Barbara Dick og Åse Frivold Sørheim.
Foto: Martin Toft

- Eg er imponert over at så mange elevar har deltatt i denne konkurransen i år. Dette viser at interessa for dei tyskspråklege landa er overveldande blant norsk ungdom, synest dagleg leiar Åse Frivold Sørheim i Nasjonalt ressurssenter for tysk ved Universitetet i Oslo. Ressurssenteret arrangerer konkurransen med støtte frå Goethe-instituttet og Den tyske ambassaden i Oslo.

Barnebøker på tysk

I klassen for dei vidaregåande skulane gjekk altså Heimdal videregående skole i Trondheim av med sigeren. Dei hadde laga barnebøker, dukketeater og songar på tysk. Førsteprisen er 5000 euro som bidrag til ein klassetur til eit tyskspråkleg land.

- Det morosame er at dei ynskjer å gi desse barnebøkene til ein tysk barnehage, fortel Frivold Sørheim.

Tysk målarkunst

I ungdomsskuleklassen var Stordal skule i Stordal kommune på Sunnmøre best. Dette Desse elevane hadde laga kopiar av måleri av kjente tyske ekspresjonistiske kunstmålarar og dei hadde skrive tekstar og laga presentasjonar om tema frå tysk politikk, historie og kultur. Også dei får eit bidrag på 5000 euro til ein klassetur til eit tyskspråkleg land.

Song og geografi

I den yngste klassen var det Aronsløkka barneskole i Drammen som fekk førsteplassen. Desse elevane hadde lært seg tyske songar, wienervals og geografien til dei tyskspråklege landa. Dei får eit klassesett med tyske landslagsdrakter.

- Barneskulane har ikkje undervisning i tysk, men læraren til denne klassen fortalde meg at dei gjennom dette prosjektarbeidet hadde funne ut mange viktige ting om kontaktar og kulturutveksling mellom desse landa og Noreg, seier Frivold Sørheim. Ho synest også det er fint å leggja merke til at vinnaren i klassen for dei vidaregåande skulane i fjor, Årstad videregående skole, deltok på nytt i år og kom på ein fin andreplass.

- Dei andre bidraga spenner frå ein film om tyske bilar til ein dokumentarfilm om matvarekonsernet Lidl i Noreg. Ein klasse har laga ein tyskspråkleg kriminalfilm medan aein annan har laga ein film om ein norsk familie sine minner frå Tyskland, seier ho. Sponsorane til konkurransen vil ho gjerne også nemna. Det er mellom anna Willy Brandt-stiftinga, flyselskapet Norwegian og sukkertøyfabrikanten Haribo.

Resultatlista:
Barneskular:
1. Aronsløkka barneskole, Drammen
2. Vatne skule i Haram i Møre og Romsdal og Lunde skole i Stavanger
3. Nygårdslien skole i Bergen
4. Kvarstein skole i Vennesla, Vest-Agder og Grinder skole, Grue i Hedmark

Ungdomsskular:
1. Stordal skule, Stordal i Møre og Romsdal
2. Vikstranda skole, Tranøy i Troms
3. Romedal skole, Stange i Hedmark og Steinerskolen i Moss
4. Våler skole i Solør i Hedmark og Lunde skole i Stavanger

Vidaregåande skular:
1. Heimdal videregående skole, Trondheim
2. Årstad videregående skole, Bergen
3. Åsane gymnas, Bergen
4. Ski videregående skole, Ski i Akershus

Emneord: Internasjonalisering, Tyskland, Tysk Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2005 10:18 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere