Bygningen som skal husa Nordens mest moderne mikroteknologisenter, er enno ikkje klar til bruk. Førebels er det installert utstyr og sett inn møblar i bygningen, men enno har ikkje entreprenøren fått bruksløyve frå Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune og Statens bygningstekniske etat, opplyser Anders Hanneborg. Det var den 29. april i år Uniforum kunne avsløra at Mikroteknologisenteret stod tomt på grunn av at entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS ikkje hadde klart å gjera grunnen under laboratoria vibrasjonsfrie.
232 millionar
I utgangspunktet skulle heile bygningen kosta 232 millionar kroner. I denne summen er det også inkludert ei investering på 90 millionar kroner i vitskapleg utstyr. Forskingsrådet har løyvd 65 millionar kroner av byggjesummen medan SINTEF betalar resten. UiO stiller med forskarar, men betaler elles ingenting for bygningen. Byggjekontrakten til entreprenørfirmaet var på 120 millionar kroner.
Men på grunn av ein krangel mellom entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS og SINTEF om kven som har ansvaret for at grunnen vibrerer under laboratoria som skulle vera vibrasjonsfrie, vil prislappen truleg bli mange millionar høgare. Tvisten har ført til at SINTEF har engasjert ein ny entreprenør som utfører arbeidet med avstiving og liming av nye stålbjelkar for å gjera laboratoria vibrasjonsfrie.
Sender ekstrarekninga til entreprenøren
- Rekninga kjem me til å senda til hovudentreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS, seier Hanneborg til Uniforum. Både SINTEF og M+W Zander har varsla søksmål mot kvarandre for å avgjera kven som skal betala denne ekstrarekninga.
- Det er lite truleg at me kjem fram til ei minneleg ordning, så saka blir truleg avgjort i rettssalen, trur Hanneborg.
- Me håpar å få bruksløyvet før jul, men noka offisiell opning av senteret blir det heilt sikkert ikkje før etter juleferien, legg han til.
I månadsskiftet november/desember skal Noregs Geotekniske Institutt (NGI) gjera målingar for å slå fast om grunnen under laboratoria framleis vibrerer eller om dei har klart å få vibrasjonsnivået ned til null, slik det var tenkt frå byrjinga.
- Me er sjølvsagt svært spente på kva resultatet av desse målingane blir, konstaterer Hanneborg.
Når Mikroteknologisenteret ein gong er tatt i bruk, skal forskarar frå UiO og SINTEF bruka det til å utvikla mikrosystem som kan overvaka blodsukkernivået i kroppen, skanna mønsteret på fingeren din for å erstatta passord og PIN-kode og utvikla millimeterstore sensorar som utløyser airbag ved rulleulykker i bil. Desse forsøka er heilt avhengige av at det er vibrasjonsfritt, så difor er bygningen bygd på vibrasjonsdempande luftputer. Det har ikkje lykkast Uniforum å koma i kontakt med prosjektleiar Jan Skaalebraaten i M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS.
Fakta om Mikroteknologisenteret:
- kostar 232 millionar kroner inkludert vitskapleg utstyr for
90 mill. kr.
- inneheld to 5000 kvm. store reint rom-laboratorium for
mikro- og nanoteknologi fordelte mellom UiO og SINTEF
- grunnsteinen blei nedlagt av næringsminister Ansgar
Gabrielsen 7. juni 2002
- er bygd på vibrasjonsdempande luftputer for at laboratoria
skal vera vibrasjonsfrie
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere