- Ibsen inspirert av italiensk danseepidemi

Henrik Ibsens "Et dukkehjem" kan ikkje berre tolkast som kvinnesak, men også som ei skildring av galskap. Delar av stykket er klart prega av at han har lese Vilhelm Bergsøes bok om den italienske tarantismen eller danseepidemien. Det er konklusjonen til regissør Arve Nordland ved InterMedia, UiO etter han har samla saman nytt og ukjent stoff til fjernsynsprogrammet Ibsen i Napoligulfen .

HEDDA GABLER: Håkon Blekens litografiserie frå Hedda Gabler.

- Henrik Ibsen har i stor grad blitt gjort til eit nasjonalt ikon og til ein reiskap i nasjonsbygginga av Noreg. Difor har mest alle litteraturvitarar tradisjonelt tolka Ibsens teaterstykke politisk. Etter å ha lese gjennom alle Ibsenstykka frå "Peer Gynt" frå 1867 til "Når vi døde vågner" frå 1899, ser eg at Ibsen er meir enn berre ein dramatikar som hadde ein politisk bodskap. Han er klart påverka av den italienske myten om danseepidemiane eller tarantismen frå 1300-talet, fortel Arve Nordland.

Tarantismen gjekk ut på at personar, som regel kvinner, fall inn i ein djup depresjon etter at dei var blitt blei bitne av vevkjerringa tarantella. Pasienten kunne bli behandla ved at fleire musikarar spela tarantellastykke til pasientane byrja å dansa. Dei kunne halda på i både timar og dagar før dei ville falla i svevn og til slutt bli kurerte. Det var under arbeidet med fjernsynsprosjektet Ibsen i Napoligulfen han kom over ei lite kjent og heilt oversett bok i Ibsenforskinga.

Fall nesten av stolen

- Det var Vilhelm Bergsøes bok "Iagtagelser om Den italienske Tarantell og Bidrag til Tarantismens Historie i Middelalderen og den nyere tid" frå 1865. Det var då eg fekk artikkelsamlinga frå Romakonferansen i vinter at eg oppdaga boka til Bergsøe. Der stod den omtalt i samband med forskaren Franco Perellis foredrag om Ibsen og tarantismen. Erik Edvardsen ved Ibsenmuseet gjorde meg merksam på at boka var å finne på Biologisk Institutt. Eg gjekk rett dit for å få lånt dette eksemplaret.

- Eg byrja å lesa og heldt fram med å lesa meir og meir i boka, heilt til eg heldt på å detta av stolen av di eg fann så mange felles trekk mellom denne boka og "Et dukkehjem" av Ibsen. Seinare fann eg ut at ein av replikkane i "Hedda Gabler" er henta ordrett frå boka til Bergsøe, avslører Arve Nordland engasjert. Og han har fått stadfesta at Henrik Ibsen og Vilhelm Bergsøe hadde god kontakt med kvarandre, sjølv om dei aldri blei nære venner.

Naturforskar som blei forfattar

- Bergsøe var ein naturforskar som fekk ein sjukdom som gjorde at han litt etter litt mista deler av synet, og difor satsa han heller på ein karriere som forfattar. Første gong Ibsen møtte Bergsøe i 1866, sa han " da må jeg få hilse dem dobbelt." Det tyder på at Henrik Ibsen allereie kjente til Bergsøe som forfattar. Difor er det sannsynleg at Ibsen hadde oppdaga og lese boka til Bergsøe i Skandinavisk Forening i Roma.

Den handlar om tarantismen, mytologiane og historiene rundt gifta til dyret som skapte danseepidemiar i Italia i fleire hundre år, seier Nordland, som minner om at det er kjent at Ibsen hadde ein skorpion på bordet i eit glas medan han skreiv Brand i 1866.

- Av og til gav han skorpionen ein brødbit og då kasta skorpionen seg over den og fekk gifta ut av kroppen. Ibsen meinte at han på same måte fekk "slagger og bunnfald" ut av kroppen og blei frisk når han skreiv teaterstykke. Det viser at Ibsen allereie då hadde god innsikt i mytologien rundt tarantellaen, meiner Nordland. Henrik Ibsen vandra dagleg saman med Bergsøe på øya Ischia.

- Då fekk han truleg høyra mykje om tarantellaen og tarantismen av Bergsøe. Me veit nemleg at Ibsen alltid prøvde å vera saman med personar som hadde kunnskap og ein veremåte som kunne gi tematiske bidrag til forfattarskapen hans. Men han var flink til å skjula kjeldene sine, anten det var bøker han hadde lese og ting han hadde høyrt. Det me veit er at Ibsen gjorde fleire rundreiser i Noreg for å samle inn eventyr og segn. På same måte har Ibsen sikkert vore interessert i italiensk folkemytologi, konstaterer han.

Samanlikna Bergsøes bok og "Et dukkehjem"

Nordland sette seg difor føre å gjera ein grundig samanliknande analyse av Bergsøes bok og "Et dukkehjem" frå 1879.

- Det første som slo meg var at det var dei påfallande likskapstrekka i tematikken. Godt skjult i replikkar og sceneforklaringar, finn me historiene i Bergsøes bok igjen i "Et dukkehjem", som blei skrive i Amalfi, like ved Napoli. Denne oppdaginga gjer at mottakinga av dette verket må endra karakter, slår han fast.

Nordland er overtydd at dette er forklaringa på ei av innvendingane kritikarane tidlegare har framført mot dette stykket.

- Dei har heile tida hevda at "Et dukkehjem" har ein svak dramaturgi på grunn av Noras bråe forandring i veremåte eller tarantelladansen hos Løvborg. No kan me forklara denne bråe forandringa med at Nora endeleg har fått dansa gifta ut av kroppen ved hjelp av Doktor Ranks val av den rette melodien. Heile rammehistoria til dette finst også i Bergsøes bok, har Nordland oppdaga.

- Ikkje kvinnesak, men menneskesak

Han trur også den tradisjonelle tolkinga av "Et dukkehjem" må leggjast til side.
- Ibsen sa sjølv fleire gonger at "Et dukkehjem" ikkje hadde noko med kvinnesak å gjera, men med menneskesak. Grunnen til at stykket likevel er blitt tolka som eit innlegg i kvinnesaksdebatten har truleg noko å gjera med historia om Laura Kieler som rollemodell for Nora, og Georg Brandes sterke understreking av å bruka den moderne litteraturen til å setja samfunnsaktuelle tema på dagsorden, trur Nordland.

Men det er ikkje berre i "Et dukkehjem" han har funne klare innslag av tarantisme hos Ibsen.
- I fjerde akt i "Peer Gynt", der Peer reiser til Middelhavet og Marokko finn me også klare trekk av tarantellasjuke både hos Anitra, hos Peer sjølv, soldatane ved fortet og hos personane i Dårekista i Kairo.

Får støtte

Professor Jon Nygaard ved Institutt for musikk og teater, UiO, støttar Nordland fullt og heilt i dei funna han har gjort.

- Men det er ikkje berre "Et dukkehjem" og "Peer Gynt" som er påverka av tarantismen. Den er faktisk til stades i alle Ibsens verk etter publiseringa av "Et dukkehjem," stadfestar Nygaard. - Og i "Et dukkehjem" er det ikkje Nora, men Kristine Linde som er helten, og som får Nora til å seia sanninga. På den måten kan me tolka både dette stykket og andre stykke av Ibsen som at det er bipersonane som er hovudpersonane og vice versa, legg han til.

- I sceneforklaringane til "Et dukkehjem" står det at "Nora hopper opp og klapper.". Det er truleg eit teikn på at ho var prega av ein viss form for galskap, meiner Nordland.

- Ibsen var truleg prega av det kvinnesynet som var vanleg på 1880-talet, men Ibsens kvinner hadde mykje å seia for kvinnesynet til Sigmund Freud når han skulle finna ut kva som var årsaka til hysteriet til kvinnene frå overklassen i Wien. Ei vanleg oppfatning på denne tida, var at kvinnene var som dyr bak maska. Bakgrunnen for dette kan vera at mennene såg med skepsis på at kvinnene byrja å oppføra seg meir freidige og utfordrande på 1900-talet. På den måten kjem tarantelladansen inn frå 1300-talet som eit påskot for kvinnene på slutten av 1800-talet til å handla utagerande, og koma ut av den tradisjonelle oppfatninga av korleis kvinner skulle oppføra seg. Seinare blei det jo påvist at tarantella-vevkjerringa ikkje var giftig, fortel Nygaard.

Interessante

Leiaren for Ibsensenteret, Knut Brynhildsvold har sett funna til Arve Nordland og synest dei er interessante. Også styreleiar Helge Rønning og forskar Erik Edvardsen er informerte om funna. Arve Nordland held saman med regissør Yvonne Pettrém akkurat på å avslutta eit program om Ibsen i Napoligulfen.
- Dette må vera interessant stoff for norske fjernsynsselskap, konstaterer han.

Revitalisering av Ibsen

Kontorsjef Lars Lomell ved InterMedia synest funna til Arve Nordland gir Ibsen nytt liv.

- Det viser at det går også an å finna nye ting ved Ibsen som kan gjera undervisning om og forsking på Ibsen enda meir attraktivt. Det kan gi plass til eit meir fagkritisk blikk på denne dramatikaren. Samtidig er det eit klart døme på at Ibsen-jubileet i 2006 ikkje treng bli retrospektivt, understrekar han.

Emneord: Forskning, Ibsensenteret, Ibsen Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2003 18:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere