Lavik: - 11/9 bør bli felles minnedag

- 11. september bør bli felles internasjonal minnedag for alle offera for statsterror og terrorisme. Det foreslår pensjonert professor i psykiatri, Nils Johan Lavik ved Universitetet i Oslo overfor Uniforum.

MINNEDAG: - 11/9 bør bli felles minnedag for offera for statsterror og terrorisme, meiner psykiatriprofessor Nils Johan Lavik.
Foto: Ola Sæther

- I dag hugsar dei fleste av oss 11. september som dagen då terrorgruppa Al-Qaida styrta to fly mot World Trade Center i New York og eitt mot Pentagon i Washington. Det er ikkje så mange som er merksame på at på same dagen for 30 år sidan styrta general Augusto Pinochet den demokratiske valde presidenten, Salvador Allende i Chile. I begge desse hendingane mista offisielt over 3000 menneske livet, minner Nils Johan Lavik oss om. Lavik var tidlegare leiar for Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar ved UiO. Der kom han tidleg i kontakt med flyktningar som så vidt hadde redda livet etter å ha flykta frå militærdiktaturet til Augusto Pinochet i Chile.

Offer for terror

- Det ligg meg sterkt på hjarta å be folk om ikkje å gløyma den katastrofen som skjedde for 30 år sidan berre fordi det skjedde ein stor tragedie på same dato i supermakta USA. I begge tilfelle blei dei drepne utsette for terror. Når det gjeld det første tilfellet, blei chilenarane utsette for statsterror, medan offera for terroraksjonane i USA blei råka av terrorisme frå ei ekstremistisk gruppe frå Midt-Austen, konstaterer psykiatriprofessoren.

Han viser til at omgrepet statsterror allereie dukka opp under Den franske revolusjonen i 1789. Då brukte revolusjonsleiaren Robespierre og hans meiningsfeller statsterror som våpen mot motstandarane sine. Det enda jo altså med at Robespierre sjølv blei arrestert, dømt til døden og avretta for misbruk av terror, og det blei kalla for terrorisme, forklarar Lavik, før han går tilbake til militærkuppet i Chile 11. september 1973.

Brukte fly som våpen

- Det paradoksale er at Augusto Pinochet i utgangspunktet var ein opprørar mot det lovleg valde statlege regimet til president Salvador Allende. Pinochet brukte bombefly for å øydeleggja presidentpalasset La Moneda og for å knusa demokratiet. Terroristane som gjekk til åtak på World Trade Centre og Pentagon, brukte også fly for å gjennomføra terroraksjonane sine. Etter at opprøraren Augusto Pinochet hadde styrta det demokratisk valde regimet, sette han i gang ein brutal statsterror. Kven hugsar vel ikkje alle dei som blei arresterte og samla saman på Nasjonalstadion i Santiago før dei blei torturerte og drepne? spør han.

Felles minnedag

Sjølv ynskjer han ikkje å stilla den eine tragedien opp mot den andre.
- Difor foreslår eg 11. september som felles minnedag for offera for statsterror og terrorisme både i Chile, USA og i andre delar av verda. Folk må vera opptekne av det som skjer i heile Amerika, og ikkje berre det som skjer nord for Rio Grande. Også det som skjer lenger sør kan vera interessant for oss, peikar han på. Lavik har to gonger vore på lengre forskingsopphald i Chile. Det første opphaldet kan han takka Forskingsrådet for.

- Dei klarte å somla bort ein søknad om reisestøtte til eit forskingsopphald i Los Angeles. Samtidig fekk eg invitasjon frå Chile om å delta på ein konferanse om posttraumatiske opplevingar hos tidlegare politiske fangar som hadde opplevd tortur i fengselet. Utanriksdepartementet gav økonomisk støtte, og slik kom eg til Chile, for første gong i 1989.
- Då trefte eg psykiateren Paz Rojas, og det var me som kom frå Europa som lærte noko om ny forsking, ikkje omvendt. Om eg ikkje hadde vore i Chile, og opplevd forskinga på post-traumatiske lidingar etter tortur og forfylging, ville eg heilt sikkert ikkje ha takka ja til å bli leiar for Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar, då eg blei spurt om det like etter at eg hadde kome heim, fortel han.

Skremselspsykologi

Gjennom kontakten med flyktningar og asylsøkjarar har han fått eit klart bilete av terroren sitt vesen.

- Stort sett handlar det om skremselspsykologi. Når folk ser at nokon blir torturert eller drepne fordi dei ikkje har dei rette meiningane, den rette religionen eller tilhøyrer den rette etniske gruppa, blir dei redde og vågar ikkje gjera noko som kan provosera eit brutalt regime. Dei forstår at det same kan skje med dei. På den måten skræmer tortur mot enkeltpersonar også andre. Det same målet har dei som står bak ein terroraksjon der tilfeldige personar blir drepne. Me kan altså snakka om primære og sekundære offer for terroren. Det må vera ei viktig oppgåve for UiO å mobilisera sine faglege ressursar og forska på dette fenomenet, synest Lavik.

Mareritt og angst

Han viser til at mange flyktningar og asylsøkjarar får store problem fordi dei sit åleine i store asylmottak utan at dei får behandling for dei helseskadane dei er påførte av krig, terror og tortur.

- Dei vil få tilbake dei vonde opplevingane sine gjennom mareritt og stadig tilbakevendande angst. Mange av dei blir også ufølsame fordi dette sjølvsagt innskrenkar livsutfaldinga deira. Me må likevel ikkje gi dei inntrykk av at dei er offer som ikkje klarer seg sjølve, som det har hendt chilenske flyktningar har skulda oss for, ber han.

- Finst det då noko oppskrift på korleis statsterror og terrorrisme kan stoppast?

- Svaret er Nelson Mandela. Han er den einaste som etter 25 år i fengsel er stor nok til å bryta ein vond sirkel av terror og motterror, tilgi det tidlegare regimet og begynna å samarbeida med tidlegare fiendar for å utvikla ein ny og demokratisk rettsstat.

Statsterror og terrorisme

Torsdag 11. september kl. 1400 vil Nils Johan Lavik saman med overlege Sverre Varvin ved Psykososialt senter halda eit foredrag om statsterror og terrorisme i Ragnar Frischs auditorium, John Colletts plass. Sjefpsykolog Nora Sveaas vil halda ei innleiing.

Emneord: Terror i USA, Internasjonalisering, Menneskerettar, Forskning Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2003 13:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere