Vil etablera miljøforskingssenter i Forskingsparken

Åtte forskingsinstitutt vil flytta heile eller delar av verksemda si inn i eit nytt miljøforskingsssenter i Forskingsparken frå hausten 2005. 600 personar vil få arbeidsplassen sin i det nye senteret.

SAMARBEIDER: Svenning Torp, Forskingsparken A/S, Kari E.Fagernes, NINA, Pål Prestrud, CICERO, Jon Naustdalslid, NIBR, Sønneve Ølnes, TØI og Odd Skogheim, NIVA skal flytta inn i same bygg.
Foto: Martin Toft

Frå Universitetet i Oslo er det Senter for klimaforsking (CICERO) og Institutt for geofysikk som skal flytta inn i Miljøforskingssenteret. I tillegg vil forskingsinstitutta Det norske meterologiske institutt (DNMI), Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Transportøkonomisk institutt (TØI) flytta heile eller delar av staben sin til dette senteret. Etableringa av senteret blir gjort i nært samarbeid med Noregs forskingsråd, Forskingsparken AS og Universitetet i Oslo.

4,2 millionar

Førebels har Forskingsrådet løyvd 4,2 millionar kroner til eit forprosjekt. Bygget blir på 20 000 kvadratmeter og skal altså liggja i Forskingsparken. Niels Torp er engasjert som arkitekt for prosjektet. Under ein enkel seremoni i Forskingsparken torsdag 21. august 2003, skreiv forskingsinstitutta under ein samarbeidsavtale om etablering av dette miljøforskingsenteret.

Tverrfagleg profil

Spesialrådgjevar Haakon Thaulow i NIVA, blei av Forskingsrådets direktør Christian Hambro kalla både initiativtakar og fødselshjelpar for senteret. Thaulow avslørte også at han har store visjonar for senteret.

- Det skal med den tverrfaglege profilen sin og den breie dekkinga av forskings- og nyskapingskjeden, utvikla den kunnskapen som trengst for å realisera nasjonale og internasjonale mål for miljø og berekraftig utvikling. Me håpar dette kan føra til auka rekruttering til miljøforskinga. Dessutan vil me gjerne at senteret kan delta i arbeidet med å overføra kunnskap om miljøforsking til land som tar imot utviklingshjelp frå Noreg, understreka Thaulow. Han peika i tillegg på at det var institutta sjølve som tok initiativet til å byggja eit miljøforskingssenter.

Forskingspolitisk gåvepakke

- Det er nettopp slike idear som kjem nedifrå som har nok kraft i seg til å bli verkeleggjort. Miljøforskingsenteret er ei miljø- og forskingspolitisk gåvepakke for ei kvar sitjande regjering, konstaterte han rett før samarbeidsavtalen blei underskriven.

Administrerande direktør Christian Hambro i Forskingsrådet avslørte at styret for Forskingsrådet var svært begeistra for ideen om å byggja eit miljøforskingsenteret då det fekk saka til handsaming.

- I første omgang løyvde styret altså 4.2 millionar kroner til forprosjektet. I miljøforskinga blir Noreg lytta til internasjonalt. Om aktørane bak dette senteret spelar korta sine rett, kan dette senteret også bli lagt merke til utanfor Noreg. Samlokalisering kan dessutan føra til at fleire institutt ser behovet for å slå seg saman. Personleg er eg overtydd om at det er rette vegen å gå, sa Hambro.

Investér i dei beste

Rektor Arild Underdal oppfordra senteret til å investera i dei beste forskarane både nasjonalt og internasjonalt og inngå nært samarbeid med utanlandske fagmiljø.

- De bør dessutan satsa på miljøforsking der det blir gjort integrerte analysar av forholdet mellom mennesket, samfunnsystemet og miljøet. På dette feltet er ikkje Noreg kome langt nok i dag. Dette senteret kan bli eit fagleg løft for å skapa den utstrekte kvaliteten som trengst for å byggja opp ei slik forsking, meinte UiOs rektor.

Fem av dei private stiftingane som skal inngå i Miljøforskingssenteret har danna eit utviklingsselskap saman med Forskingsparken. Det blir kalla for Miljøforskingssenteret AS. Utviklingsselskapet skal i løpet av hausten utarbeida eit forprosjekt for senteret, parallelt med utvikling av romprogrammet. Det er enno ikkje avklart kor mykje Miljøforskingssenteret vil kosta.

Emneord: Forskning, Forskningsparken Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2003 13:33 - Sist endra 10. des. 2008 16:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere