Lars Oftedal: UiO kunne unngått virusangrep

- UiO kunne ha unngått virusangrep om fakultet og institutt hadde fylgd rådet vårt om å tetta igjen sikringshol og oppgradera sikringa på maskinene sine. Difor er me svært skuffa, seier fungerande IT-direktør Lars Oftedal til Uniforum.

Det er virusangrepet frå Sobig F som er årsaka til at 450 maskiner utan sikringsoppgraderingar på RPC- sikringsholet blir sett på som hacka og dermed blir tatt av nett og reinstallerte før dei blir sette opp på nettverket igjen. 80 maskiner er også infiserte av dataormen W32.Welchia, og må også gjennom den same prosedyren. Alle desse maskinene blir tatt av nett i dag, fredag 22. august klokka 1600, opplyser Oftedal. Desse åtaka fører til at nettverket ved UiO blir lamma av for mykje trafikk, og tenarmaskiner (serverar) må startast på nytt på grunn av at dei store datamengdene.

- Viss fakulteta og institutta hadde lytta på oss og oppgradert sikringa på maskinene sine, kunne det ha hindra dei største skadeverknadane av dette virusangrepet, slår Lars Oftedal fast

- Det er miljøa på Rikshospitalet, Ullevål sjukehus, Preklinisk og Kjemisk institutt som har flest usikra og hacka maskiner, seier Oftedal. Kontorsjefar, lokalt IT-ansvarlege og USIT vil i samarbeid prøva å rydda opp i desse maskinene i løpet av fredag 22. august. Enkelte tiltak er allereie sette i gang.

- Alle Windows-tenester mot studentbyane og UIOs oppringsingsteneste, det vil seia både modem, ISDN, ADSL og VPN er sperra begge vegar. Difor vil ikkje heimeområde og andre sentrale tenester vera tilgjengelege. Utgåande e-post vil berre bli send frå sentrale e-posttenarar. Også Windows-tenester mellom forskjellige undernett vil bli innskrenka, fortel Oftedal. I Sentraladministrasjonen var tidlegare i veka fire maskiner infisert og rekna som hacka. Alle desse maskinene er i orden no, opplyser Oftedal, som legg til at USIT vil ha folk på vakt heile helga for å løysa problema virusangrepet har ført til ved UiO.

Emneord: Fakultetene, Hackere, Web Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2003 14:08 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere