Utset innflyttinga i Mikroteknologisenteret

SINTEF utset den planlagde innflyttinga i Mikroteknologisenteret i Gaustadbekkdalen med enda ei veke. Det opplyser prosjektdirektør Anders Haneborg til Uniforum. Etter store vibrasjonsproblem i dei garantert vibrasjonsfrie laboratoria, blei den planlagde opninga i januar utsett med eit halvt år. Dårleg brannsikring er årsaka til at forskarar frå UiO og SINTEF ikkje kan flytta inn etter planen torsdag 12. juni.

KLAR TIL INNFLYTTING: Etter at branntekniske manglar er retta opp, vil Mikroteknologisenteret i Gaustadbekkdalen vera klar for innflytting i neste veke.
Foto: Grethe Tidemann

Det var rett før påske Uniforum kunne melda at dei garantert vibrasjonsfrie laboratoria i Mikroteknologisenteret i Gaustadbekkdalen vibrerte. Bygget, som opprinneleg hadde ein prislapp på 232 millionar kroner, skal gi plass til forskarar frå SINTEF og UiO som forskar på nanoteknologi og nye materialar. Byggherren SINTEF bestemte seg difor å be entreprenøren M.W. Reinertsen Anlegg AS om å retta opp denne konstruksjonsfeilen før dei kunne overta bygget. Entreprenøren meinte at dårlege grunnforhold med naboskap til trikk og T-bane var årsaka til vibrasjonane. Sidan dei enno ikkje er blitt einige om kven som har skulda, kjem saka til å bli avgjort av domstolane.

- Vibrasjonsfeila er i ferd med å bli retta opp av eit anna entreprenørfirma etter spesifikasjonane til SINTEF, fortel prosjektdirektør Anders Haneborg. Også dei branntekniske forholda skal rettast opp slik at brannsikringa blir god nok.

- Rekninga for desse arbeida blir nok også send til hovudentreprenøren. Så får heller domstolane avgjera kven som skal betala ekstrarekninga, seier Haneborg. Innflyttinga skal etter planen ta til frå 20. juni.

Emneord: FUNMAT, Sentrene, Mikro- og nanoteknologi Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2003 17:04 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere