Swingande båttur på Oslofjorden

165 UiO-tilsette deltok på Velferdsutvalets båttur med Lady Mack på Oslofjorden torsdag 19. juni 2003. Blues, dans, god mat og drikke og eit nydeleg ver, var heile turen i eit nøtteskal.

PÅ GYNGANDE GRUNN: UiO-tilsette på gyngande grunn ombord i "Lady Mack" på Oslofjorden.
Foto: Martin Toft

- Dette var ei dobling av deltakartalet i høve til i fjor då me skipa til ein tur med Skibladner på Mjøsa. Det tyder på at det er lettare å få med seg folk på båttur i Oslofjorden enn på Mjøsa. Truleg vil difor neste års båttur også gå føre seg på Oslofjorden, seier Inge Øystein Moen, som er leiar for Velferdsutvalet ved UiO.

Turen opna med at studentorkesteret Bjørneblæs heldt ei musikalsk oppvisning på kaien før "Lady Mack" starta opp motoren og sigla ut mot Hovedøya og seinare til Oustøya og Nesøya i Asker. Undervegs passerte båten villaen til Wenche Myhre, det gamle flyplassområdet på Fornebu og Veritasbygningen på Lysaker. Heile tida spela bluesbandet "Black´n Blues" til dans på
hovuddekket. Trekkspelaren Harry Andersen spelte for dei som likte gamaldans betre enn blues. Som dansegolv blei det litt for trangt på hovuddekket, men bortsett frå det, ville det ha vore plass til mange fleire ombord i båten. Menyen var reker og kylling med salat og drikkevarer, alt betalt frå deltakarane sine eigne lommer. Og det var ei rikt samansett blanding av UiO-tilsette med på turen.

- Ja, det var både vitskapleg tilsette, teknisk/administrativt tilsette og representantar for Universitetsstyret og dekanane, fortel Moen, som gjerne vil oppfordra enda fleire til å delta på båtturen til neste år.
- Sidan me var så heldige med veret i år, trur me dette vil føra til at talet på deltakarar vil auka kraftig til neste år, spår Moen.

Emneord: Velferd på UiO, Velferdsutvalget Av Martin Toft
Publisert 30. juni 2003 15:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere