Fleksibel læring obligatorisk for Kvalitetsreforma

Alle fagmiljø ved UiO kan no søkja om 2,1 millionar kroner til utvikling av fleksible læringsformer. - Kvalitetsreforma kan berre bli vellykka om enda fleire fagmiljø tar i bruk desse metodane, slår teamleiar for fleksibel læring Edvin Bach-Gansmo fast.

NAUDSYNT : - Fleksibel læring er naudsynt for at Kvalitetsreforma skal bli ein suksess, meiner Berit Johnsen, UNIVETT, Lars Lomell, InterMedia, teamleiar Edvin Bach-Gansmo og Jon Lanestedt, USIT.
Foto: Martin Toft

Rett før jul vedtok Kollegiet ein strategisk plan for fleksibel læring ved Universitetet i Oslo. Ein viktig del av vedtaket var å koordinera sentrale ressursar og kunnskap på dette området. Eit anna verkemiddel er å utlysa pengar til prosjekt, og så setja saman team av representantar frå dei sentrale støttetenestene for IKT.

Førsteamanuensis Edvin Bach-Gansmo er nyleg tilsett som teamleiar for fleksibel læring ved UiO. I ryggen får han ei ressursgruppe som er sett saman av seksjonssjef Berit Johnsen ved UNIVETT (Seksjon for etter- og vidareutdanning og fjernundervisning), Jon Lanestedt som leiar Gruppe for digitale medier i læring ved USIT, kontorsjef Lars Lomell ved InterMedia, førsteamanuensis Helge Strømsø ved Pedagogisk forskingsinstitutt (PFI) og bibliotekdirektør Jan Erik Røed ved UB. Saman skal dei koordinera alle former for fleksibel læring ved UiO.

- For lita IKT-satsing

Den første oppgåva deira er å lysa ut ein pott på 2,1 millionar kroner som stimuleringsmidlar til utvikling av fleksible læringsformer.

- Den internasjonale evalueringa av UiO viste at me hadde for liten satsing på IKT i høve til storleiken på universitetet. Det finst rett nok mange eldsjeler ved universitetet som har jobba med dette i dei siste ti åra, men me ynskjer å få med oss også dei fagmiljøa som ikkje har hatt desse eldsjelene, seier Bach-Gansmo og Johnsen. Dei fagmiljøa som får tildelt desse pengane, må også yta ein like stor eigeninnsats.

- Me vil leggja vekt på at dei prosjekta det blir søkt om støtte til, er emne der studentaktive læringsformer gjennom bruken av IKT kan føra til ei klar betring av kvaliteten på studiet. Dessutan må dette vera prosjekt der røynslene og metodane også kan ha stor overføringsverdi til andre emne. Eit anna kriterium er at det er prosjekt ved fakultet som har låg aktivitet innan området fleksibel læring frå før. Også emne på studieprogram der det er svært mange studentar for kvar lærar, vil koma høgt opp på vår prioriteringsliste, seier Lanestedt og Lomell. Dei understrekar at tverrfaglege eller tverrfakultære samarbeidsprosjekt også vil vera aktuelle.

- Alle administrativt og fagleg tilsette bør sjå nytten av å ta i bruk IKT både i undervisning og i administrasjon, håpar ei samrøystes ressursgruppe.

Studentar som medspelarar

No satsar dei på å alliera seg med studentane.
- Det er viktig å få med studentane som medspelarar, og difor vil me ha ein nær dialog med Studentparlamentet når det gjeld utvikling av fleksible læringsformer. Røynsla mi frå utviklinga av "Ferdighetssenteret" ved Det medisinske fakultetet var at studentane var flinke til å levera gode løysingar. Dette vil tena til å få studentane gjennom på normert studietid ved å ta betre vare på dei, meiner Bach-Gansmo.

- Me skal gjera vårt beste for at UiO skal kombinera teknologi og pedagogikk for å verkeleggjera målet til Kvalitetsreforma om studentaktive læringsformer, og kunna oppnå målsetjinga om å vera blant dei beste europeiske universiteta når det gjeld læringsmiljø, lovar Lanestedt og Johnsen.

- Målet er at studentane skal treffa kvarandre under felles søk etter informasjon i det digitale biblioteket og i det digitale klasserommet,seier Lomell og Bach-Gansmo. Dei som vil vita meir om stimuleringsmidlane til utvikling av fleksible læringsformer, kan gå inn på denne nettsida: www.fleksibel-laering.uio.no

Emneord: Nettbasert læring, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 1. apr. 2003 18:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere