Med studenten i fokus

Studenten skal studerast, analyserast, observerast og bli sett under lupa under Humanioradagane 2003. - Kvalitetsreforma gjer at studenten på nytt er i støypeskeia, seier Jan Eivind Myhre som leiar humaniorakomiteen ved HF-fakultetet.

STUDERER STUDENTEN: - Humanioradagane 2003 skal setja både den historiske og moderne studenten under lupa, fortel leiar for humaniorakomiteen, Jan Eivind Myhre.
Foto: Martin Toft

Mange har stereotype oppfatningar om studenten som den evige studenten, den loslitne studenten, den politiserande studenten, den begersvingande studenten og den arrogante studenten som Erasmus Montanus.

- Faktum er at studentrolla stadig er i endring. I dag er det få heiltidsstudentar i høve til då eg var student på 1970-talet. Kvalitetsreforma kan vera ein reiskap for å få tilbake heiltidsstudenten. Det som er klart, er at dagens studentar ikkje spelar den same rolla som trendsetjarar og politiske vegvisarar som dei gjorde på 1970-talet og enda tidlegare på 1900-talet, konstaterer Myhre.

Samfunnsrefsar eller marknadstilpassa

Onsdag 2. april blir det difor debatt om studenten er eller bør vera samfunnsrefsar eller marknadstilpassa. Her vil både den radikale og den konservative 1968-generasjonen delta representert av Helge Rønning og Annelise Høegh. Dessutan deltar "presekstiåttaren" Yngvar Ustvedt og "postsekstiåttaren" Hilde Restad. På den offisielle opningsdagen 3. april lokkar Humanioradagane med debatten Korleis blir "kvalitetsstudenten". Paneldeltakarar blir utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet, forskarane Tor Egil Førland, Bernt Hagtvet og rektor Arild Underdal. For studentane deltar medlem i Universitetsstyret, Silje Winther og leiar for Studentersamfundet, Johannes Elgvin. Dessutan kjem NHO-direktør Tore Li. Debattleiar blir journalist og hovudfagsstudent Arnhild Skre.

Brettar ut studenten

- Målet med Humanioradagane denne gongen er å bretta ut studenten i heile si breidde, både i fritid, som norsk student i utlandet og som utanlandsk student i Noreg. For å få gitt alle dei perspektiva studenten fortener, har me alliert oss med forskarar i litteratur, språk, historie, kulturfag, religion og teologi. Dei skal blant anna sjå på korleis studenten har utvikla seg frå å vera internasjonalistar til å bli forkjemparar for det nasjonale til dei no er blitt internasjonalistar igjen, fortel Myhre.

Studenten interesserer

Han trur temaet også denne gongen kan trekkja folk utanfor UiO til arrangementa.
- Ja, det er eg sikker på. UiO har jo ein enorm mengde av tidlegare studentar å kunna ta av. Og mange av dei vil heilt sikkert vera interessert i å delta på nokon av desse tilboda. Dessutan synest eg dagens studentar må stilla opp i sin fulle breidde. Tidlegare har jo få studentar dukka opp på Humanioradagane, seier Myhre. Ingen i Oslo skal kunna unngå å leggja merke til at desse arrangementa går føre seg. Frå 3. til 6. april vil nemleg banneret til Humanioradagane blafra frå flaggstengene langs Karl Johan.

Emneord: Humanioradagene, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2003 10:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere