- Til topps med rapping av tyske preposisjonar

Kongshaug musikkgymnas i Hordaland var ein av skulane som gjekk heilt til topps i klasseprosjektkonkurransen om dei tysktalande landa. Med dativ- og akkusativ-reglar i rappeversjon på eigen CD, sjarmerte Kongshaug musikkgymnas juryen i senk, og gjekk rett til topps i klassen for den vidaregåande skulen. Førstepremien på 37 500 kroner skal brukast til ein klassetur til Tyskland.Konkurransen er organisert av Nasjonalt ressurssenter for tysk .

Juryen viser fram ein Tysklands-modell på 60 kilo. F.v. Jan B. Ommundsen, Kari Fonnes, Frank Lütje, Åse Frivold og Gudrun Koller. Maria Döll var ikkje til stades.
Foto: Martin Toft

I ungdomskuleklassen gjekk Honningsvåg ungdomsskule i Finnmark til topps med ei dokketeaterframsyning av ein tur til den sveitsiske delen av Alpane. Også denne klassen får tildelt ein sjekk på 37 500 kroner som skal brukast til ein klassetur til eit av dei tysktalande landa. I klassen for barneskulen, tok 6. klasse ved Årnes skole i Lyngdal i Vest-Agder førsteprisen med ei arbeidsbok om tysk kultur, språk, geografi og historie. Som førstepremie får dei eit klassesett med miniradioar frå Grundig, og "mini-PALMar betalt av Tysklands ambassade.

60 kilo

Mellom 800 og 900 elevar frå heile landet har deltatt i denne konkurransen om å laga det beste prosjektet om dei tysktalande landa.. Oppgåvene som er sende inn, spenner frå ti meter lange veggaviser med informasjon om Tyskland, Austerrike eller Sveits til ein pappmasje-modell av Tyskland på 60 kilo.

- Det var veldig interessant, men òg utruleg vanskeleg å plukka ut vinnarar på grunnlag av alt det flotte materiellet me hadde fått inn, seier leiar for Nasjonalt ressurssenter for tysk, Åse Frivold og kontorsjef Kari Fonnes ved Germanistisk institutt, UiO. Begge sat i komiteen som plukka ut vinnarane. Førstepremiane er gitt av Læringssenteret og den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga. Også Tysklands ambassade og Austerrikes ambassade i Noreg deltar i arbeidet med klasseprosjektkonkurransen.
- Formålet med konkurransen er sjølvsagt å motivera elevar til å læra seg tysk. Nokre elevar har fortalt at dei no heller vil dra til Tyskland enn til meir eksotiske land som til dømes Thailand, fortel Åse Frivold.

Det blei også delt ut premiar til lærarar som blei plukka ut ved hjelp av loddtrekking. I klassen for den vidaregåande skulen blei ein lærar frå Ulstein vidaregåande skule plukka ut til å delta på eit to veker langt tyskkurs i Wien. Både opphald og kurs blir gratis, medan læraren må betala reisa sjølv. I klassen for ungdomsskulen fekk ein lærar frå Hillestveit ungdomsskule på Bømlo i Hordaland eit fire veker langt kurs ved Det norsk-tyske studiesenteret i Kiel. I klassen for barneskulen, blei ein lærar frå Fiskåbygd barneskule plukka ut som vinnar av eit tre netter langt opphald for to på eit fire stjerners hotell i Berlin.

Her fylgjer lista over dei beste skulane i kvar klasse:
Klassen for barneskulen:
1. Årnes skole, Lyngdal i Vest-Agder (arbeidsbok om Tyskland)

2. Fiskåbygd barneskule, Vanylven i Møre og Romsdal (veggavis om Tyskland)

3. Leirvik skule, Stord i Hordaland (videoopptak med song og dans)

4.Bryne skule, Rogaland (individuelle arbeidshefte)

Klassen for ungdomsskulen:

1. Honningsvåg ungdomsskule, Finnmark (videoopptak av dokketeater)

2. Nesflaten skule, Suldal i Rogaland (heimeside på norsk og tysk om norsk stein)

3.Presterød ungdomsskole, Tønsberg i Vestfold (video om tysksspråkleg musikk)

Klassen for den vidaregåande skulen:

1.Kongshaug musikkgymnas, Os i Hordaland (songbok og CD)

2.Fræna vidaregåande skule, Møre og Romsdal (heimeside om festivalar i Tyskland)

3.Finnfjordbotn vidaregåande skule, Finnsnes i Troms
(video om lokalsamfunnet deira under 2. verdskrigen)

Mange av bidraga vil vera tilgjengelege på heimesida til Nasjonalt ressurssenter for tysk i løpet av februar http://www.tyskressurs.no

Fylgjande personar sat i juryen: Åse Frivold, Nasjonalt ressurssenter for tysk, Kari Fonnes, kontorsjef ved Germanistisk institutt, UiO, ambassadesekretær Frank Lütje, Tysklands ambassade, Gudrun Koller, Austerrikes ambassade, Jan B. Ommundsen, Kvalitetsutvalet til Utdannings- og forskingsdepartementet og Maria Döll, elev ved Den tyske skolen i Oslo.

Emneord: Undervisning, Tysk, Tyskland Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2003 11:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere