Hylland Eriksen: - UiO-leiinga må seia nei til krig mot Irak

- Universitetsleiinga må ta eit klart standpunkt mot ein eventuell krig mot Irak. Det krev ein av UiOs mest profilerte professorar, Thomas Hylland Eriksen ved Sosialantropologisk institutt.- Eg seier konsekvent nei til oppfordringar om å underteikna eller støtta ulike opprop på vegner av universitetet, seier rektor Arild Underdal.

MOT KRIG: Thomas Hylland Eriksen ber universitetsleiinga om å gå imot ein krig mot Irak.
Foto: Martin Toft

Hylland Eriksen sette fram kravet om at universitetsleiinga måtte gå imot eventuell krig mot Irak framfor 600 studentar og UiO-tilsette på eit stort antikrigsmøte i Georg Sverdrups hus torsdag 30. januar.

- Dersom UiO tar stilling mot ein mogleg krig mot Irak, vil det bli lagt merke i heile Noreg. Det ville ha gjort ein stor forskjell i krigsmotstanden, meinte Hylland Eriksen, som brukte UiOs verdigrunnlag som argument for at universitetsleiinga må gå imot USAs krigsplanar.

Retten til liv

- Alle menneske er like mykje verdt anten dei bur i Irak eller Noreg. Det kunne like gjerne ha vore oss som dei sivile irakarane som no risikerer å få USAs bomber i hovudet. Retten til liv er den ukrenkelege menneskeretten. Og det er dette verdigrunnlaget som er grunnhaldninga ved universitetet. Difor må leiinga ved universitetet seia klart frå om kva dei meiner om planane om ein krig mot Irak, sa Hylland Eriksen.

Illegitim krig

Også tidlegare rektor ved det praktisk-teologiske seminar ved Det teologiske fakultetet, biskop Gunnar Stålsett, meinte at både studentar og UiO-tilsette måtte stilla seg kritiske til dei argumenta politikarane i Noreg og i USA brukar for å rettferdiggjera ein krig mot Saddam Husseins regime.

- Denne krigen vil vera uetisk, umoralsk og illegitim. Ein såkalla preventiv åtakskrig har ikkje noko grunnlag i Folkeretten. Og dersom verdssamfunnet ynskjer å endra Folkeretten må dei konsultera alle medlemslanda i FN, ikkje berre dei som sit i Tryggingsrådet. Eg vil oppfordra de som er studentar ved UiO til å få dette fram på dagsordenen og gi forelesarane i jus i oppdrag å svara på om ikkje dette er ei rett tolking av Folkeretten, sa Stålsett, som spådde at ein krig ville kunna få dramatiske konsekvensar for situasjonen i Midtausten.
- Det vil setja alle forsøka på å skapa fred i Midtausten lang tilbake. Og om USA lykkast med ein militæraksjon i Irak, kan dei neste landa som står for tur bli Syria, Libanon og Iran. Viss det først blir starta ein krig mot Irak, vil me aldri vita kvar det endar, konkluderte han med.

Desmond Tutu

Gunnar Stålsett var ikkje den einaste biskopen som heldt appell på dette møtet. På ein storskjerm kom fredsprisvinnar og erkebiskop Desmond Tutu frå Sør-Afrika med ein appell til alle studentane ved UiO om å mobilisera seg mot denne krigen:

- Takka vera dykkar motstand mot apartheidregimet i Sør-Afrika lever me i dag i eit demokratisk land der det ikkje lenger eksisterer nokon raseskiljepolitikk. Denne krigen er umoralsk og vil gjera det svært vanskeleg å skapa eit godt liv for alle. Gud vil ha fred for alle Guds barn. Gud velsignar fredsskaparane. Dei skal kallast Guds barn. Gud signa dykk alle, lydde den videoappellen frå Desmond Tutu.
På møtet kom det også sterke åtak mot krig frå advokatfullmektig Abid Q Raja, generalsekretær Eva Bjøreng i Norsk Folkehjelp, Lugino "Gigi" Longo, leiar for LO-Oslo, Kleiv Fiskvik og SV-leiar Kristin Halvorsen.

UiO-rektor kan ikkje støtta oppropet

UiO-rektor Arild Underdal avviser konsekvent alle oppmodingar om å underteikna ulike opprop eller støtta ulike arrangement - meir eller mindre eksplisitt på vegner av universitetet.

- Mitt svar er alltid det same. I eigenskap av rektor for UiO skal eg forhalda meg til det mandatet og dei plikter som ligg i nettopp den rolla - uansett kva privatpersonen og samfunnsborgaren Arild Underdal måtte meina om innhaldet i oppropet eller arrangementet, og uansett kva som måtte vera rådande oppfatningar blant tilsette eller studentar. Rektorrolla sitt domene er knytt til - også i tydinga avgrensa av - formåla og oppgåvene til universitetet. Til dei mange oppfordringane eg får om å ta på meg den autoriteten rolla måtte gi til å støtta ei god sak som går ut over det mandatet som ligg i rolla, er svaret alltid nei - uavhengig av kva eg som samfunnsborgar måtte meina om saka, skriv Underdal i ein kommentar. Han kjem også inn på kva haldning han har til denne konflikten som privatperson:

- Som samfunnsborgar finn eg ikkje ein brei amerikansk invasjon av Irak som moralsk rett eller politisk velgrunna i dagens situasjon. Men eg vil ikkje - slik oppropet gjer - kategorisk avvisa ein kvar bruk av militær makt for å handheva Tryggingsrådets resolusjonar i denne konflikten. Som døme meiner eg at ein klart avgrensa militær operasjon for å uskadeleggjera eit anlegg for produksjon eller lagring av "forbodne" våpen - lokalisert av FNs inspektørkorps - kan vera rett, spesielt dersom styresmaktene i landet ikkje sjølv fylgjer opp og gjennomfører slike pålegg, forklarar Underdal. Han understrekar at dette er vurderingar han gjer som privatperson og samfunnsborgar.

- Desse vurderingane får verken større eller mindre tyngde av at eg for tida er rektor for Universitetet i Oslo, og eg har ikkje tenkt å kle på meg rektorkappa for å sameina eigne meiningar med institusjonen sin autoritet, avsluttar Underdal.

Emneord: Irak, Terror i USA, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2003 11:43 - Sist endret 10. des. 2008 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere