Fagleg kvalitet mest attraktivt

Innhold Neste Uniforum nr. 14 1999


Utdanningssøkjarar meiner om UiO:

Den faglege kvalitetet og sjansane til å få interessante jobbar er dei mest attraktive sidene ved UiO. Det svarar mellom 31 og 36 prosent av utdanningssøkjarane. Men over 30 prosent av utdanningssøkjarane har eit dårleg inntrykk av det sosiale miljøet ved UiO.

Av Martin Toft

Dette viser ei spørjeundersøking som Opinion har gjort på oppdrag frå Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og som blir publisert for første gong i dette nummeret av Uniforum. Spørjeskjemaet blei i juni sendt ut til 1600 personar som hadde søkt om opptak til høgare utdanning hausten 1999 gjennom Samordna opptak. Alle desse er plukka ut blant dei som hadde minst eitt universitet mellom sine fem førsteval på prioriteringslista. 1029 personar fylte ut og returnerte skjemaet. Målet med undersøkinga var å kartleggja kva forhold som får søkjarane til å ynskja seg eller ikkje ynskja seg til Universitetet i Oslo.

UiO er mest populært

Heile 62 prosent av utdanningssøkjarane har vurdert UiO når dei skulle bestemma seg for kvar dei helst ville studera. Like under halvparten av dei som har andre lærestader i Noreg som førsteval, har vurdert UiO, viser undersøkinga. Dersom ein ser på kva utdanningsøkjarane helst hadde ynskt å begynna ved dersom dei kunne velja fritt, viser det seg at 24 prosent av søkjarane har UiO som førsteval, medan 18 prosent helst ville ha begynt ved NTNU (Noregs Teknisk-Naturvitskapleg Universitet) i Trondheim. 14 prosent har Universitetet i Bergen som førsteval, medan høvevis 5 og 2 prosent har Universitetet i Trondheim og BI som sine førsteval. Dersom UiO lykkast i å mobilisera dei 38 prosenta som har vurdert UiO som førsteval, men til slutt landa på ein annan lærestad, kan UiO auka rekrutteringa av studentar i høve til i dag.

Undersøkinga viser dessutan at det er ein klar tendens til at UiO står sterkare som førsteval dess eldre utdanningssøkjaren er. I gruppa som er 25 år eller eldre har 37 prosent Universitetet i Oslo som førsteval, medan 18 prosent av dei som er 18 år eller yngre har sett opp landets største universitet som førsteval. NTNU i Trondheim har derimot mest appell hos søkjarane som er 20 år eller yngre.

Vil studera nær heimstaden

Kva er så årsaka til at søkjarane veljer ein bestemt studiestad? Når det gjeld dei som vil studera ved UiO, er det nærleiken til heimstaden, ynskjet om å bu i Oslo, den faglege kvaliteten på utdanningstilbodet og mange fagval/fagleg breidde som er dei fire viktigaste grunnane. Dette universitetet får altså ei ekstra rekruttering på grunn av at det ligg i ein stor og attraktiv by med eit omland med mange innbyggjarar. Blant dei som ynskjer seg til UiO, er det fylgjande tre grunnar som er viktigare enn for dei som ynskjer seg til andre lærestader: Nærleiken til heimstaden, dei vil gjerne bu i ein bestemt by og det er stor fagleg breidde ved lærestaden. For dei som ynskjer seg til andre lærestader er det fylgjande fem grunnar som er viktigare enn for søkjarane til UiO: godt sosialt miljø, godt fagleg miljø, god fagleg kvalitet på utdanningstilbodet, gode sjansar til å få jobb etterpå og godt velferdstilbod.

Internett viktig som rekrutteringskanal

Når det gjeld spørsmålet om kvifor søkjarane vel eit bestemt fag eller utdanning, skårar naturleg nok personleg interesse for faget høgast. Deretter kjem sjansane faget gir til å få jobb etterpå. Undersøkinga viser også at det er informasjonen direkte frå universiteta og høgskulane som er viktigast for søkjarane. Ein svært stor del av søkjarane har brukt internett for å orientera seg om utdanningstilboda. For alle utdanningssøkjarane gjeld dette for 47 prosent av dei, medan det same gjeld for 40 prosent av dei som har UiO som førsteval. Men også telefonkontakt med lærestaden og utdanningsmesser er flittig brukt av søkjarane for å skaffa seg informasjon om lærestaden på.

Men legg søkjarane merke til informasjon frå lærestadane? Det gjer dei, og heile 48 prosent har lagt merke til informasjon frå BI, medan 40 prosent har lagt merke til NTNUs informasjon. 31 prosent har merka seg informasjonen frå UiO. Eit stort fleirtal deler skepsisen til sjansane til å få studentbustad ved UiO. Heile 61 prosent har inntrykk av at sjansane er små. Berre 4 prosent meiner dei er gode. Elles har 29 prosent av utdanningssøkjarane eit godt inntrykk av idretts- og treningstilbodet ved UiO.


Innhold Neste Uniforum nr. 14 1999

Publisert 30. sep. 1999 17:07 - Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere