Avtrappande rektor Lucy Smith: Stolt over å ha vore rektor ved UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998


 

SORGER OG GLEDER: Lucy Smith har både opplevd sorger og gleder dei seks åra ho har vore rektor ved Universitetet i Oslo (Foto: Ståle Skogstad)

Då me møter Lucy Smith på kontoret hennar i 9. etasje i Administrasjonsbygningen den andre dagen i desember, har ho nettopp hatt besøk av målaren Håkon Gullvåg. Han har målt henne og laga skisse av henne til rektorportrettet som skal hengjast ved sidan av dei andre rektorportretta utanfor Kollegierådsrommet.

Av MARTIN TOFT

- Då målaren foreslå å måla meg i heilfigur, sa eg nei. Samtidig gjekk ikkje han med på å måla meg i rektorkappa, fortel Lucy Smith, og smiler. Også på rektorkontoret heng det mange måleri, men ingen portrett. Skrivebordet til Lucy Smith er svært ryddig, med papirbunkane lagde i sirleg orden bortover bordflata. Ein blåfarga flybillett tur-retur Oslo-Genéve er det einaste som bryt inntrykket av kvite dokumenthaugar. Blir ho lei av å lesa dokument, kan ho enno nokre desemberdagar sjå ut vindauget og nyta panoramautsikta mot Oslofjorden.

Viktig med kvinneleg rektor

- Var det viktig for deg at du var den første kvinna i eit slikt verv?

- Ja, spesielt sidan eg har hatt som prinsipp å seia ja til alle stillingar som kvinner ikkje har sagt ja til tidlegare. Over halvparten av alle studentane er kvinner, og eg trur det er viktig for dei at også rektor er ei kvinne. Eg trur også det er viktig for likestillingsarbeidet på universitetet at me har klart å øyremerkja alle dei nye post.doc.-stipendiata til kvinner. Det er ein av dei tinga eg er svært glad for at me har fått til i rektorperioden min, seier ho.

- No kjem jo mennene Kaare Norum og Rolf Mikkel Blakar til å overta rektoratet etter paret Lucy Smith og Knut Fægri. Er det eit tilbakesteg for likestillinga ved UiO?

- Eg må jo først vedgå at eg tok feil då eg tidlegare i år sa at det aldri meir ville bli to menn i desse verva ved universitetet samtidig etter at eg hadde gått av som rektor. Men eg spår likevel at etter at Norum har gått av som rektor, vil det på nytt bli vald ein kvinneleg rektor ved dette universitetet.

Vurderte å trekkja seg

Lucy Smith fekk ein hard start på rektorkarrieren.
- Ja, like etter at eg hadde hatt min første arbeidsdag som rektor, fekk eg vita at eg hadde fått kreft. Då tenkte eg at eg burde gå av som rektor. Men i samråd med legen min, blei me einige om at eg uansett skulle delta i rektorinaugurasjonen. Like etter at eg kom ut av sjukehuset, deltok eg i denne seremonien. Viss eg ikkje hadde gjort det, ja då veit eg ikkje kva som hadde skjedd med meg.

- Kva andre tankar gjorde du deg då du hadde fått vita at du var sjuk?
- Eg frykta at folk skulle tenkja at eg ikkje burde ha late meg velja til rektor sidan eg også tidlegare hadde hatt kreft. Desse tankane gjorde at eg gjekk til Kollegiet for å høyra kva eg burde gjera, og kollegiemedlemane ba meg om å halda fram som rektor. Heldigvis hadde eg ein svært dyktig prorektor i Arild Underdal som stod klar til å overta då eg blei innlagt på sjukehus.

Libero

Lucy Smith set også stor pris på samarbeidet med den andre prorektoren sin, Knut Fægri.
- Eg har vore veldig heldig med begge dei to prorektorane mine. Det har også hatt mykje å seia for oss at me har arbeidd tett saman. Det er naudsynt med to personar på heiltid i den valde leiinga sidan universitetet er så stort slik at me har kunna dela arbeidsoppgåvene imellom oss. Det er grunnen til at prorektor har vore leiar for forskings- og studiekomiteen. Dermed har eg kunna fungera som libero. Det gode samarbeidet mellom oss fire i leiinga har i det heile vore til stor glede for meg.

- Kva andre ting har gledd deg som rektor?
- Kanskje først og fremst at eg har fått lagt merke til alt det gode arbeidet som skjer rundt om på universitetet, og dei mange spennande fagmiljøa som me har.

- Men du likar å reisa rundt for å representera universitetet?
- Eg synest det er viktig å stilla opp på forskjellige arrangement rundt omkring på universitetet. Dessutan set eg pris på det fordi eg alltid lærer noko nytt om det miljøet eg kjem til.

Før ho blei valt til rektor i 1992, gjekk ho ut og fortalde at ho var imot at det skulle vera eksterne representantar i Kollegiet. Ho frykta at dei ikkje ville ha nok fagleg innsikt.
- Eg må tilstå at eg tok feil der. Dei eksterne representantane me har hatt i Kollegiet har fungert veldig bra og presentert oss interne representantar for nye syn og vinklingar i å sjå ei sak på. I det heile tatt synest eg at begge kollegia eg har leia, har vore flinke til å tenkja heilskapleg, understrekar ho, før ho avslører at ho også har opplevd fleire vonbrot.

Budsjettkuttet var ei ulukke

- Eg har blitt skuffa over at det ikkje er større forståing for at det er naudsynt for Noreg å ha universitet som har eit godt internasjonalt nivå både innan forsking og utdanning. Budsjettkuttet i 1998, som me ikkje fekk noko førehandsvarsel om, var ei ulykke for universiteta. Heldigvis ser me no ei anna og meir forståeleg haldning for den vanskelege situasjonen til universiteta både i KUF-komiteen og i departementet. Årsaka til dette er arbeidet som Universitetsrådet heile tida har drive i høve til styresmaktene. Tenk om Finansdepartementet også etter kvart kunne sjå at det lønnar seg å investera pengar i forsking og utdanning, sukkar ho.

- Er det andre ting som har skuffa deg i desse åra?
- Ja, det er klart eg er lei meg for at me enno ikkje har fått bygd noko museumsbygg på Tullinløkka. Eg forstår ikkje kvifor styresmaktene heller føretrekkjer ein parkeringsplass.

Er ikkje Høgre-dame

- Men kunne ikkje du som Høgre-dame ha ordna dette med dei politiske kontaktane dine?
- Høgre-dame eg? Kvar har du det frå?
- Nei, ehh ... Det er mange som trur det.
- Nei, eg har aldri vore medlem i Høgre. Som universitetsrektor blir også partipolitikken borte, og eg ser berre etter korleis politikarane ser på høgare utdanning og forsking. Og det kan vera forskjellig frå politikar til politikar uavhengig av hans eller hennar partitilknyting. Men eg vedgår gjerne at eg kjenner mange politikarar frå ulike parti, og det kan ofte vera nyttig å fortelja dei om kva problem universitetet strir med.

Om 21 dagar er ho ikkje lenger rektor. Då skal ho ta seg eit sabbatsår for å lesa seg opp igjen på blant anna barneretten som ho disputerte på i 1981. Men ho skal også bruka meir tid til dei tre barnebarna sine og gå meir på ski.

Vil ikkje gi Norum råd

- Kva råd vil du gi til etterfylgjaren din, Kaare Norum?
- Nei, eg vil ikkje gi han noko råd. Då eg overtok etter Inge Lønning sa han at han ikkje ville gi meg råd, og ikkje koma opp i 9. etasje etter at han hadde gått av. Den lovnaden har han halde. Men viss Kaare Norum spør meg om råd, så vil eg sjølvsagt gi han det. Men me kjenner jo kvarandre svært godt frå før. Då eg gjekk på gymnaset var eg kjærast med ein av Kaare Norums beste venner, før eg trefte Carsten Smith, understrekar Lucy Smith. Etter ein liten kunstpause legg ho til:

- Du må ikkje gløyma at Kaare Norum er eldre enn meg! seier 64 år gamle Lucy Smith. Ho vil også gjerne minna han om ein annan ting:

- Det finst ikkje ei finare og meir spennande oppgåve enn å vera rektor ved Universitetet i Oslo. Eg er takksam for at eg har fått lov til å ha denne stillinga i seks år.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere