Ein konføderasjon av institutt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998

Henry Valen om SV-fakultetet:

- Det samfunnsvitskaplege fakultetet starta opp med seks institutt med heilt forskjellig tradisjon. Difor var det heller ein konføderasjon av institutt enn eit eige fakultet, minnest tidlegare dekan Henry Valen. I dag feirar fakultetet 35-årsjubileum.

Av Martin Toft

{short description of image}BORTKASTA OPPRØR: Studentopprøret var berre bortkasta tid for dei revolusjonære studentane, meiner pensjonert professor i statsvitskap, Henry Valen. (Foto: Ståle Skogstad)

- Det var forskarane ved Sosialøkonomisk institutt som hadde mest prestisje av dei som heldt til på det nye fakultetet. Det unnlét dei heller ikkje å gjera oss andre merksame på. Men det var ingen tvil om at det var det best utvikla faget på 1960-talet, då dei andre faga framleis sleit med barnesjukdomar, forklarar Valen.

- Det var først og fremst eksamensordningane som gjorde det vanskeleg å driva fakultetet i byrjinga. Alle dei seks institutta, statsvitskap, sosialøkonomi, pedagogikk, psykologi, sosiologi og etnografi, hadde heilt forskjellige eksamenstradisjonar nedarva dels frå Det juridiske og dels frå Det historisk-filosofiske fakultetet. Då me ville prøva å harmonisera desse eksamensordningane, møtte me problem som me ikkje hadde rekna med, fortel Valen, som var dekan på SV-fakultetet på 70-talet. - Det var mykje usemje mellom lærarane.

Studentopprøret

- Dessutan var det akkurat då ungdomen var så «frykteleg» snill og starta studentopprøret. Då gjorde dei alt dei kunne for å skapa vanskar for styringa av universitetet. For å komplisera situasjonen endå meir gjekk også startskotet for etableringa av distriktshøgskulane akkurat i den perioden. Den eine distriktshøgskulen etter den andre søkte universitetet om å få godkjent eksamensrett til mange tradisjonelle universitetsfag. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet var frå seg av begeistring for dette. Me meinte at marxistisk dogmatisme dominerte på bekostning av dei faglege krava i samfunnsfaga. Dette forstod ikkje folk på MN-fakultetet, sidan det ikkje eksisterte nokon spesiell marxistisk teori i til dømes matematikk, slår han fast. Men gradvis blei forholdet til dei regionale høgskulane normalisert.

- I dag er situasjonen på fakultetet mykje meir harmonisk sidan nesten alle faga godtar cand.polit.-graden. Dessutan har den nye doktorgradsordninga klart å hindra at kandidatane sit i 15 år og slit med ei doktoravhandling, før dei klarer å fullføra ho. Eg er også overtydd om at doktorgradsstudentane lærer meir med den nye ordninga, understrekar han.

- Korleis ser du på studentopprøret i dag?

- Stort sett dreiv jo dei revolusjonære studentane på med å kasta bort tida. Men studentopprøret må få æra for at sperrene mellom lærarane og studentane forsvann slik at forholdet mellom dei to gruppene blei mykje betre. Då eg studerte på slutten av 40-talet, var det ikkje mogleg å tiltala professoren med noko anna enn «De». Det blei det til all lukke slutt på, mykje takka vere studentopprøret.

For lite engasjerte studentar

- Kva synest du om studentane i dag samanlikna med den gongen?

- Eg har inntrykk av at dei stort sett er arbeidssame og på ingen måte så late som professor Bernt Hagtvet skriv at dei er. Men eg synest at dei er altfor lite engasjert i politikk i dag. Sjølv skulle eg gjerne ha ynskt at dei var litt meir interesserte i å forska på norsk politikk enn det dei er. Den er då så utruleg spennande. Eg har stor glede av den kontakten eg har med studentar gjennom hovudoppgåve- og doktorgradsrettleiing. Mitt hovudinntrykk er at det ikkje er stor skilnad frå ein studentgenerasjon til den neste.

I to periodar, 1972-73 og 1974-77, sat Henry Valen som dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Det er ikkje berre studentopprøret som gjer at han ikkje minnest desse periodane med glede.

Eit ork

- Det var rett og slett eit ork å vera dekan. Dette vervet tok så mykje av tida mi at det var fleire år eg ikkje fekk skrive noko fagleg. Eg lærte at det å driva med administrasjon gjorde at eg blei ført heilt vekk frå forsking som arbeidsmetode. Desse to felta har heilt forskjellige måtar å driva problemløysing på. Difor tok det også lang tid for meg å koma inn i forskinga igjen etterpå. Eg hadde mist kontakten med den aktive forskinga, hugsar han, og han legg ikkje skjul på at han såg det som om ei stor bør hadde blitt teken av skuldrane hans, då han gjekk av som dekan i 1977.

- Ja, då var eg glad og kunne endeleg konsentrera meg om å få ut boka «Valg og politikk».

Norum var min kandidat

Etter at Henry Valen blei pensjonist for sju år sidan, har han halde fram med å møta opp på kontoret sitt ved Institutt for samfunnsforsking kvar morgon klokka halv ti. Men dette har ikkje hindra han i å fylgja med på rektorvalet ved Universitetet i Oslo.

- Kaare Norum var heile tida min kandidat. Eg er sikker på at han blir ein god rektor for UiO. Sjølv hadde han ikkje høve til å stemma under rektorvalet.

- Eg mista stemmeretten min då eg blei professor emeritus. Du veit, me pensjonistane er kårfolket som har flytta på loftet, flirer Henry Valen, som sjeldan tar turen til SV-fakultetet i dag. Han går heller til Stortinget. Men han har tenkt å vera til stades når fakultetet skal feira 35-årsjubileet i kveld.

Eit fakultet blir til

I 1959 vedtok Det historisk-filosofiske fakultetet å be Kollegiet om at det blei sett ned ein komité for å ta opp spørsmålet om det skulle opprettast eit samfunnsvitskapleg fakultet.

Den interfakultære komiteen

I denne komiteen sat professor Johan Einarsen frå Den sosialøkonomiske seksjonen (Jur.fak.), dosent Thomas Chr. Wyller frå Den statsvitskaplege seksjonen (Jur.fak.), professor Johs. Sandven frå Pedagogikkseksjonen (HF-fakultetet), professorane Harald Schjelderup og Ragnar Rommetveit frå Psykologiseksjonen (HF-fakultetet) og professor Sverre Holm frå Sosiologiseksjonen (HF-fakultetet). På det siste av dei to møtene deltok også professor Gutorm Gjessing frå Den etnografiske seksjonen (HF-fakultetet). Komiteen tilrådde at det blei oppretta eit samfunnsvitskapleg fakultet ved UiO og grunngav det med den faglege naboskapen mellom desse fagområda. Fråsegna frå denne interfakultære komiteen blei handsama i kollegiemøtet den 6. november 1959. Kollegiet vedtok å oppretta ein ny komité. I denne komiteen sat professor Axel Strøm (formann), universitetslektor Herdis Thorén Amundsen, professor Johs. Andenæs, professor Johan Einarsen, stud.philol. Ole Christian Lagesen, professor Johs. Sandven, universitetssekretær Olav M. Trovik og professor Hans Vogt. Komiteen kom med fråsegna den 5. februar 1960 og erklærte seg då einig i dei argumenta som allereie hadde blitt presentert av den interfakultære komiteen.

MN-fakultetet gjekk imot

Saka blei deretter sendt ut på høyring til alle fakulteta. Både HF- og Det juridiske fakultetet støtta opprettinga av eit nytt fakultet, medan Det teologiske, Det medisinske og Det odontologiske fakultetet ikkje ville meina noko om saka. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet var det einaste som gjekk imot desse planane. Den 28. oktober 1960 vedtok Kollegiet å utsetja saka til seinare.

1400 studentar

Våren 1963 blei saka tatt opp igjen av universitetsdirektøren, sidan alle faga under HF-fakultetet – bortsett frå samfunnsfaga – då ville samlast i dei nye bygningane på Blindern. Då rekna også universitetsadministrasjonen med at det ville sokna rundt 1400 studentar til det nye fakultetet i 1964. Det var hovudårsaka til at Kollegiet den 28. mars 1963 vedtok å tilrå at det med verknad frå 1. juli det same året skulle opprettast eit samfunnsvitskapleg fakultet ved Universitetet i Oslo.

Kjelde: Årsberetning 1963. Universitetet i Oslo. Universitetsforlaget


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998
Publisert 28. okt. 1998 12:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere