- Uro ved UiO!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

Rektor Lucy Smith:

- Me krev at 99-budsjettet viser respekt for forskinga og undervisninga ved Universitetet i Oslo. Nedskjeringane i år har me kunna leva med, men me kan ikkje leva slik eit år til.

Av Martin Toft

{short description of image}MEIR ENGASJEMENT: Rektor Lucy Smith oppfordra studentane til å engasjera seg meir i studentdemokratiet i talen sin under velkomstseremonien for dei nye studentane på Universitetsplassen. (Foto: Xenia Isaksen).

Det understreka rektor Lucy Smith i talen sin under velkomstseremonien for dei nye studentane på Universitetsplassen denne veka. Ho spådde at ei ny nedskjering på neste års budsjett ville føra til sterke reaksjonar på universitetet.

- Det er uro ved universitetet vårt no. Eit statsstyre som ikkje viser respekt for undervisninga og forskinga ved universitetet, vil merka denne uroa. Men eit statsstyre som gir faglege vekstvilkår for universiteta sine, vil auka både den åndelege og den materielle styrken i landet, understreka ho, før ho ba studentane å leggja merke til at UiO er ein institusjon full av entusiasme og pågangsmot.

Hardt arbeid

- Me forvaltar verdiar som dannar den åndelege kjernen i samfunnet. Me har evne og vilje til nyorientering i eit samfunn i endring, men også det nye skal vera basert på verdigrunnlaget vårt. Det er fagleg mangfald, lojalitet mot dei internasjonale universitetsideane og eit stadig arbeid mot å sprengja dagens kunnskapsgrenser, sa ho. Den pågåande studentdebatten som professor Bernt Hagtvet starta i Dagbladet for eit par veker sidan, blei også tatt opp i talen til Lucy Smith.

- Enkelte hevdar at dei problema Hagtvet trekkjer fram, heng saman med skulesystemet vårt. Mange har ikkje lært å arbeida i skulen, og har ein ikkje lært å arbeida når ein er 19 år, er det for seint, seier forgjengaren min, Inge Lønning. Eg er meir optimistisk. Det er nok av døme på skuletrett ungdom som slår ut i full blomst i møtet med universitetet og fag som vekkjer interesse. Men det er naudsynt med hardt arbeid – universitetet krev innsats av studentane sine, meinte ho.  

Meir engasjement

Studentdemokratiet blei trekt fram som ein lang og sikker tradisjon ved universitetet. Men Smith sakna breidda i dette engasjementet.

- Eit aktivt og levande studentdemokrati føreset at mange studentar engasjerer seg. Om de ikkje sjølve ynskjer å delta som tillitsvalde, bør de i alle fall fylgja med på kva dei tillitsvalde gjer, og gi uttrykk for kva de meiner i vala, understreka Lucy Smith, som også trekte fram rektorvalet i haust.

- For første gong skal studentane stemma ved direkte val, slik at alle har ei stemme. Eg oppfordrar dykk alle til å nytta dykk av dette høvet til å påverka styringa av universitetet, sa Lucy Smith i sin aller siste velkomsttale til dei nye studentane.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere