Sigrid Angen fekk opna kollegiedørene

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

Alle møtene i Kollegiet blir opne frå og med denne hausten. Det vedtok Kollegiet samrøystes på det siste møtet før sommarferien.

Av Martin Toft

{short description of image} OPNE KOLLEGIEMØTE: Studentrepresentant Sigrid Angen trudde ikkje at framlegget hennar om opne møte i Kollegiet skulle få fleirtal (Foto: Ståle Skogstad)

Studentrepresentant Sigrid Angen som stod bak framlegget, er overraska over at det blei samrøystes vedtatt.

- Eg hadde faktisk trudd at det skulle ha blitt meir debatt enn det blei. Sidan dei andre medlemane i Kollegiet allereie hadde gjort klart kva dei meinte gjennom Uniforum, ante eg at eg kunne få fleirtal for framlegget mitt. Men eg hadde aldri trudd at det skulle bli samrøystes vedtatt, seier Angen som no håpar at det skal bli meir debatt og lettare for svake grupper å nå fram med synet sitt i universitetssystemet.  

Meir diskusjon

- Med opne kollegiemøte vil det bli meir diskusjon om dei viktige sakene både i Universitas, Uniforum og i andre universitetsmedier, trur ho. Ho viser til at både Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim har vedtatt å ha opne kollegiemøte tilliks med Universitetet i Tromsø.

Demokratisk prinsipp

- Då Universitetet i Bergen vedtok opne kollegiemøte i april, stod UiO igjen som det einaste universitetet med lukka kollegiemøte. Det var nok også ein av grunnane til at det ikkje var vanskeleg å få framlegget om opne kollegiemøte vedtatt, meiner Angen, som også understrekar at opne møte er eit viktig demokratisk prinsipp innanfor offentlege institusjonar. Sjølv om ordlyden i vedtaket ikkje er heilt identisk med framlegget hennar, er ho likevel nøgd med innhaldet.

Mange unntak

- Det er nok fleire unntak i det endelege vedtaket enn i det framlegget eg kom med. Likevel er det viktig å understreka at kvar gong det kjem ei sak som kan koma innanfor desse unntaka, må det røystast over om kollegiemøtet skal opnast eller ikkje. Akkurat det punktet er svært viktig for meg, presiserer ho. Angen forstår behovet universitetet har for å lukka møtene når Kollegiet skal handsama saker som har å gjera med forhold til andre institusjonar og verksemder og personalsaker. No håpar ho at interessa for universitetspolitikk skal auka blant studentar og tilsette ved universitetet.

Kneset viktig prinsipp

- Rådssalen kjem sikkert ikkje til å fyllast kvar gong, men opne møte vil i alle fall gi studentar og andre innsikt i kva saker som skal opp, og kva saker dei kan tenkja seg å fylgja. Det er difor viktig at universitetsmediene er til stades slik at debatten når ut til alle på UiO, meiner ho. Ho tolkar vedtaket om opne kollegiemøte som ein siger for prinsippa i lova om offentleg dokumentinnsyn (offentlighetslova)

- Dette prinsippet har no blitt knesett gjennom vedtaket om å halda møtene i Kollegiet for opne dører, understrekar Sigrid Angen. Det første opne kollegiemøtet blir halde den 1.september.


Dette er vedtaket :

1. Møtene i Det akademiske kollegium holdes som hovedregel for åpne dører.

2. Følgende saker behandles alltid for lukkede dører:

A. Personalsaker som angår enkeltpersoner, herunder saker om tilsetting, oppsigelser, ordensstraff, avskjed og suspensjon.

B. Saker som angår taushetsbelagte forhold, eller hvor taushetsbelagte opplysninger er vesentlig for beslutningsgrunnlaget.

3. Følgende saker behandles normalt for lukkede dører, dersom kollegiet ikke bestemmer noe annet.

A. Orienteringssaker, herunder generelle orienteringer fra rektor og universitetsdirektør, samt spørsmål fra kollegiets medlemmer.

B. Saker om utabeidelse av budsjettforslag til bruk for arbeidet med statsbudsjettet.

C. Saker som berører UiOs samarbeids- eller konkurranseforhold til offentlige, halvoffentlige eller private institusjoner.

4. Det akademiske kollegium kan ellers vedta å lukke møtet i den enkelte sak av hensyn til den interne saksbehandling.

5. Når særlige grunner taler for det, kan kollegiet innby utenforstående til å delta i dets møter med talerett, men ikke stemmerett.

 

Dette framlegget blei samrøystes vedtatt etter at eit endringsframlegg frå Christian Hall om å ha færre unntak, blei nedstemt etter at det berre fekk dei to røystene til Christian Hall og Sigrid Angen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere