Skal analysera "Makta" frå Blindern

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998

Øyvind Østerud:

- Internasjonaliseringa av økonomien og massemedia og stillinga til kvinnene i det norske samfunnet er blant dei viktigaste endringane som har skjedd i Noreg sidan den førre Maktutgreiinga blei lagt fram av Gudmund Hernes i 1982. Då var det berre ein fjernsynskanal og ein radiokanal, og arbeidarpartiæraen i norsk politikk var akkurat over.

Av Martin Toft

{short description of image}MAKTGRANSKAREN: Professor Øyvind Østerud ved Institutt for statsvitskap skal finna ut kven som har makt i Noreg (Foto: Kirsten Faustino)

Det seier mannen som skal ta opp arven etter Gudmund Hernes, Øyvind Østerud. Professoren i internasjonale konfliktstudiar ved Institutt for statsvitskap har blitt prosjektleiar for den nye maktutgreiinga som skal vera ferdig i år 2003. Også førsteamanuensis Hege Skjeie frå det same instituttet skal delta i arbeidet med den nye maktutgreiinga.

Utfordring

- Det var ikkje vanskeleg å takka ja til ei slik utfordring. Fagleg passa det også fint å få den førespurnaden akkurat no. Ein annan grunn til at eg tar på meg dette oppdraget, er at Universitetet i Oslo denne gongen står så sentralt i arbeidet med denne nye maktutgreiinga, seier han. Sekretariatet blir også lagt til Blindern. Østerud fortel gjerne om korleis dei har tenkt å byrja arbeidet med den nye utgreiinga om makt og demokrati som den offisielt heiter.

- Me vil ta utgangspunkt i tre ting: Mandatet frå Stortinget som går ut på å stilla spørsmål ved korleis endringar i forholdet mellom individ, stat og marknad påverkar og blir påverka av maktforholda i samfunnet. Stortingsfleirtalet ynskjer også at me skal undersøkja om det er vesentlege skilnader mellom individet sin mulighet til å delta og ha påverknadskraft i samfunnet når ein ser på ting som kjønn, geografi, alder og sosioøkonomiske og kulturelle skiljelinjer. For det andre tar me føre oss den førre Maktutgreiinga, og me vil sjå på endringane i maktforholda i det norske samfunnet sidan den blei lagt fram for 16 år sidan, forklarar Østerud.

Styring gjennom marknaden

Ei viktig endring han gjerne vil trekkja fram, er internasjonaliseringa av økonomien og massemedia.

- Det er ikkje nokon tvil om at dette har gjort handlingsrommet til dei norske styresmaktene mykje mindre enn før. Men samtidig er Noreg i den situasjonen at landet har ein olje- og gassrelatert økonomi, noko som gjer at styresmaktene likevel har større spelerom enn dei elles ville ha hatt. Den store dereguleringa i forholdet mellom marknad og stat har også hatt mykje å seia for samfunnsutviklinga i Noreg. Styringa skjer gjennom marknaden i mykje større grad enn før. Parabolantennene og satellittane har revolusjonert massemedia, og frå berre å ha ein fjernsynskanal og ein radiokanal i 1982 , har me i dag mulighet til å ta fjernsynskanalar frå heile verda inn i stovene våre, konstaterer han. Østerud har også notert seg viktige endringar i forholdet mellom Stortinget og regjeringa.

Ikkje partimedlem

- Alle mindretalsregjeringane har gjort at Stortingets posisjon har blitt større og viktigare enn nokon gong. Kvar einaste regjering må samla støtte frå forskjellige parti frå sak til sak, seier professoren som sjølv ikkje har noko partimedlemskap.

- Synspunkta mine går på tvers av alle dei politiske partia. Men eg stemmer likevel på valdagen, gjerne på forskjellig parti frå gong til gong, akkurat som mange andre på dette instituttet, avslører han. No må han leggja all undervisning og anna arbeid ved Institutt for statsvitskap til side for å konsentrera seg om arbeidet med å leia Maktutgreiinga i mål om fem år. Men arbeidet vil også etterlata seg ein del drypp før den tid.

- Me vil offentleggjera delrapportar innanfor kvart temaområde etter kvart som arbeidet er avslutta, og i den ferdigstilte Maktutgreiinga vil me trekkja dei lange linjene mellom kvar delrapport, fortel Østerud. Utanom Øyvind Østerud og Hege Skjeie frå Institutt for statsvitskap vil også fylgjande personar delta i arbeidet med Maktutgreiinga: instituttsjef Fredrik Engelstad, Institutt for samfunnsforsking i Oslo, professor Siri Meyer, Senter for europeiske kulturstudiar ved Universitetet i Bergen og professor Per Selle ved LOS-senteret i Bergen. Informasjonsdirektør Maiken Ims i Oljeindustriens Landforening er leiar for det 23 personar store rådet som skal gir forskargruppa råd og rettleiing.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998
Publisert 25. mars 1998 13:28 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere