12-åring vann matematikk-konkurranse



KAN
MATEMATIKK: Dei seks finalistane i Nils Henrik Abels
matematikk-konkurranse omkransar statua av matematikkgeniet. Frå
venstre Geir Kjetil Sandve frå Skeisvang vidaregåande skule i
Haugesund, Vigleik Angeltveit frå Porsgrunn vidaregåande
skole, David Kunszenti-Kovács frå Den Franske Skolen i Oslo,
Einar Fredriksen frå Sandefjord vidaregåande skole, Tarald
Guldahl Seierstad frå Lillehammer vidaregåande skule og Øyvind
Grotmol frå Berg vidaregåande skule i Oslo. (Foto: Ståle
Skogstad)
Den tolv år gamle David Kunszenti-Kovács frå 7. klasse ved Den Franske Skolen i Oslo vann Niels Henrik Abels matematikk-konkurranse i ei tevling der 23 andre finalistar frå vidaregåande skular i Noreg deltok. Alle dei andre som deltok, var i alderen 18 til 19 år. Konkurransen blei halden den 12. mars, sjølvsagt i Niels Henrik Abels hus på Blindern. Saman med dei andre fem finalistane skal David Kunszenti-Kovács representera Noreg i Den internasjonale matematikkolympiaden på Taiwan i perioden 10. til 21. juli. Det er Norsk Matematisk Forening som arrangerer denne årlege matematikk-konkurransen til minne om Niels Henrik Abel, mannen som blir rekna som ein av verdas største matematikarar.



Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere