Eit solid løft for den internasjonale kulturarven

Før helga blei det klart at start av bygging av nytt vikingtidsmuseum er med i plattforma til den utvida Solberg-regjeringa. For Noreg, Europa og verda er dette ei historisk avgjerd som vil gi mange gode museumsopplevingar også for framtidige generasjonar, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

INN I NY ÆRA: – For Universitetet i Oslo, Noreg, Europa og verda er det utruleg viktig at arbeidet med å ta vare på vikingskipa og dei andre gjenstandane frå vikingtida no går inn i ein ny æra og får eit vikingtidsmuseum som verkeleg viser at Noreg tar ansvar for denne verdsarven, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft. På biletet beundrar UiO-rektor Svein Stølen, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og museumsdirektør Håkon Glørstad Osebergskipet.

Foto: Ola Sæther

Torsdag kveld blei det klart at den utvida regjeringa til Erna Solberg fekk med start av bygging av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy som eit punkt i regjeringsplattforma.

 • Les i Uniforum: Vikingtidsmuseet er på plass i regjeringsplattforma

Det er fantastisk bra at regjeringa no har funne plass til å prioritera dette prosjektet i dei komande budsjetta. For Universitetet i Oslo, Noreg, Europa og verda er det utruleg viktig at arbeidet med å ta vare på vikingskipa og dei andre gjenstandane frå vikingtida no går inn i ein ny æra og at me får eit vikingtidsmuseum som verkeleg viser at Noreg tar ansvar for denne verdsarven.

Kristeleg Folkepartis konstituerte leiar, Olaug Bollestad gir i Uniforum Venstre æra for at nytt vikingtidsmuseum kom med i regjeringserklæringa. Rett nok minner ho om at Kristeleg Folkeparti også hadde det med i sitt alternative statsbudsjett for 2019, men at det denne gongen var Venstre som la det på bordet i samtalane om ei utvida regjering.  

Derfor var det absolutt ein god grunn for forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø å feira denne hendinga på Vikingskipshuset sist fredag saman med UiO-rektor Svein Stølen og direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum. Også Svein Stølen gir Venstre og Iselin Nybø ros for å ha fått losa nytt vikingtidsmuseum inn på trygg grunn på statsbudsjettet.

   • Les i Uniforum: Dei tok ein high five for nytt vikingtidsmuseum

Dermed kan me om rundt fem år gå rundt i eit hypermoderne museum inspirert av tradisjonell norsk byggjekunst for å beundra vikingskipa, sleden og kjerra og alle dei andre gjenstandane frå funna frå dei berømte vikinggravene i Vestfold og Østfold. Det danske arkitektkontoret AART vil med vinnarbidraget «Naust» truleg ha laga eit like viktig signalbygg av Vikingtidsmuseet som arkitektkontoret Snøhetta har klart med operabygningen i Bjørvika. 

For Noreg, Europa og verda er dette ei historisk avgjerd som vil gi mange gode museumsopplevingar også for framtidige generasjonar. Dessutan er det viktig for at me skal kunna forstå og kunna setja oss endå betre inn i historia om vikingtida. Nettopp derfor er det grunn til å feira at dei som forskar på vikingtida og forvaltar gjenstandane som fortel oss om den epoken i verdshistoria, om nokre år vil få arbeidsforhold som vil vera verdig den viktige oppgåva som dei driv med både for Noreg og verda.

Me gratulerer alle dei som har vore med på å få denne avgjerda i hamn, ikkje minst Universitetet i Oslo og Kulturhistorisk museum. Men også den førre regjeringa som i 2012 endeleg bestemte at vikingtidsmuseet måtte byggjast på Bygdøy, og ikkje på Sørenga, og dagens regjering som no altså har funne plass til nytt vikingtidsmuseum på dei komande budsjetta. Samtidig har Oslo kommune lagt til rette for infrastrukturen som må til for at Bygdøy kan få eit endå flottare og endå betre besøkt vikingtidsmuseum. Saman har dei no gjort eit solid løft for å ta vare på Noregs internasjonale kulturarv.

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Kulturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. jan. 2019 15:17 - Sist endra 21. jan. 2019 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere