UiO går tilbake i verda, men nest best i Norden

Helsingfors universitet i Finland er framleis Nordens mest synlege universitet på Internett.  Universitetet i Oslo er det nest beste, medan Københavns universitet kjem på tredjeplass, ifylgje det spanske rankingbyrået Webometrics.

BEST I NOREG: Universitetet i Oslo er best i Noreg, nummer to i Norden og nummer 11 i Europa på den siste rankinglista til det spanske rankingbyrået Webomtretics.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo kjem på 84. plass på Webometrics’ siste verdsranking over universitet som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege.

Fakta om Webometrics :

Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Dermed går det tilbake 16 plassar samanlikna med målinga i januar. Nett som den gongen blir UiO også no slått av Helsingfors universitet, som kjem på 67. plass på denne rankinga. Det finske universitetet har rast ned 25 plassar sidan januar-målinga. Det får likevel ein åttandeplass i Europa, medan UiO tar ellevteplassen. Det viser den siste rankinga frå det spanske rankingbyrået Webometrics, som Uniforum i dag kan bringa resultata av.

Københavns Universitet best i Danmark

Universitetet i Bergen hamnar på ein 149. plass, medan NTNU plasserer seg 25 plassar bak, på 174. plass.

Københavns Universitet er det beste danske universitetet på 87. plass på verdsrankinga, medan Lunds universitet er det beste svenske og hamnar som nummer 115 på denne lista.

Harvard er best i verda

Ifylgje Webometrics er Harvard-universitetet best i verda, medan University of Oxford er best i Europa. Det hamnar på 15.plass på verdsrankinga. Der kjem dei amerikanske universiteta Massachusetts Institute of Technology og Stanford-universitetet på andre- og tredjeplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits. Det kjem på 21.plass på verdsrankinga, og på tredjeplass i Europa.

Måler synlegheit på nettet

Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet. Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet.

– Hyggeleg å vera mellom dei beste

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest resultatet i hovudsak er bra for Noregs eldste universitet.

 

– Me synest sjølvsagt   det er hyggeleg at UiO er blant dei aller beste universiteta i Europa når det gjeld synlegheit. Ein honnør til  forskarane våre og til alle dei som har arbeidd med omlegginga av  nettsidene våre, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.  Han tar likevel resultata med ei stor klype salt.

– Når det er sagt må eg leggja til at eg alltid er kritisk til slike rangeringar. Det er store problem knytt til fortolking og metodar, og desse problema peikar eg på uansett om det går oppover eller nedover på listene, understrekar han.

 – Kva trur du er grunnen til at både UiO og Helsingfors universitet raser nedover på lista?

– Det er svært vanskeleg å forklara og det er problemet med denne rangeringa - at det er store uforklarlege svingingar.

–  Korleis ser du på denne målinga samanlikna med dei andre rankinglistene?

 – Som sagt over: Ingen rangeringar har så store uforklarlege svingingar som denne.

 – Vil UiO gjera noko for å klatra oppover på denne rankinga?

 – UiO vil gjera noko for å vera synlege. Det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt. Me kjem ikkje til å foreta oss noko spesielt for å klatra på Webometrics, svarar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Les meir:

Best i verda

Best i Europa

Om metodologien til Webometrics

(Oppdatert kl. 14.47)

 

Emneord: Forskningspolitikk, Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. aug. 2015 11:51 - Sist endra 3. aug. 2015 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere