UiO er nummer to i Norden på universitetsranking

Helsingfors universitet er Nordens mest synlege universitet på nettet. Deretter fylgjer Universitetet i Oslo, ifylgje rankingbyrået Webometrics.

NEST BEST I NORDEN: Universitetet i Oslo er nest best i Norden, ifylgje universitetsrankingbyrået Webometrics.

Foto: Martin Toft/Uniforum/UiO

Universitetet i Oslo kjem på 68. plass på Webometrics’ verdsranking over universitet som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege. Dermed går det opp fem plassar samanlikna med julimålinga. Nett som den gongen blir UiO også no slått av Helsingfors universitet, som kjem på 42. plass på denne rankinga.

Universitetet i Bergen hamnar på ein 140. plass, medan NTNU plasserer seg ti plassar bak, på 150. plass.

I Europa tar Universitetet i Oslo ein tiandeplass, medan Helsingfors universitet kjem heilt oppe på femteplass.

Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og

Fakta om Webometrics :

Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

undervisningskvalitet. Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet.

Nøgd og kritisk UiO-rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er nøgd med plasseringa, men tar alltid slike målingar med fleire klyper salt.

– Alltid hyggeleg å gjera det godt på rangeringar! Men det må alltid takast atterhald  med omsyn til metodeavgrensingar. Slike atterhald tar eg uansett, både når me stig og fell på rangeringar. Når det gjeld plasseringa på Webometrics ligg  me  om lag på same nivå som på Shanghai-rangeringa, som måler forskingsprestasjonar først og fremst. Altså klart best i Noreg og blant dei beste i Norden, konstaterer han.

– Korleis bør UiO fylgja opp dette resultatet?

– Å stiga på rangeringar skal aldri vera eit mål i seg sjølv, men eit resultat av det daglege arbeidet alle medarbeidarane våre  investerer i  å gjera UiO endå betre.

Ole Petter Ottersen trur han veit kvifor UiO gjer det bra på denne målinga.

– Me har gode og mange nettsider og stor synlegheit på nettet. Dei som står bak nettsidene gjer ein svært bra jobb - og det veit me, uavhengig av Webometrics.

– Kor seriøst tar du rangeringa frå Webometrics? 

– Denne rangeringa kan gi ein peikepinn på korleis me ligg an, men metodeproblem gjer at me ikkje kan ta den for seriøst. Me har falle og stige med fleire hundre plassar dei siste åra, utan at me finn noka sikker årsak til dette.

– Korleis vil de fylgja opp dette resultatet?

 Å stiga på rangeringar skal aldri vera noko mål i seg sjølv, men eit resultat av det daglege kvalitetsarbeidet alle dei tilsette gjer for  institusjonen vår, understrekar UiO-rektoren.

Harvard best i verda

Best av verdas universitet på denne rankinga, er Harvard University i USA. På dei neste plassane fylgjer Massachusetts Institute of Technology, Stanford University og Berkeley-universitetet i California.

I Europa er det universiteta i Cambridge og Oxford som tar dei to øvste pallplassane, men det gir dei likevel berre ein 15. og 16. plass på verdsrankinga.

Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er no som før Swiss Federal Institute of Technology i Zürich (ETH Zürich). Det tar ein 27. plass på verdsrankinga og ein bronseplass i Europa.

Taiwan og Brasil markerer seg

I Asia gjer National Taiwan University det best med ein 30. plass på verdsrankinga, medan Sao Paulo-universitetet gjer det best i Latin-Amerika med ein 34. plass på verdsbasis. Av dei spanskspråklege universiteta er det Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) som gjer det best og blir nummer 56 i verda.

UiO best i Skandinavia

Universitetet i Oslo gjer det betre enn både Københavns Universitet og Lunds universitet i Sverige. Dei klarer likevel å bli mellom dei 100 beste, som nummer 78 og 90. Det gir dei ein 15. plass og 18. plass i Europa.

Karolinska Institutet i Stockholm gjer det vanlegvis best i Norden på målingane til Shanghai Jiao Tong-universitet og til Times Higher Education Supplement (THES). På rankinglista til Webometrics kjem det på 74. plass i Europa som gir dette medisinske universitetet ein 204. plass i verda.

 

Nyttig sjekkpunkt

Universitetsavisa viser til at det finst omlag 17 000 universitet og høgskular i verda. Ranking-fenomenet handlar mykje om å analysera dei maksimalt 500 beste. Mange vil derfor hevda at det er ein bra prestasjon av eit lite universitet i utkanten av verda å vera inne på listene.

Universitetsavisa har sett nærare på bøkene til forelesaren og skribenten Richard Holmes. Han har spesialisert seg på metodikken som blir brukt i rankingar og har gitt ut boka Watching the Rankings. Dessutan er han mannen bak bloggen  University Ranking Watch,

Om Webometrics seier han at den fungerer godt som ein stad å dobbeltsjekka trefftryggleiken til andre målingar. Det er fordi den har med langt fleire lærestader enn dei tradisjonelle rankingane. Den byggjer på data henta frå webben, og som Holmes poengterer må reknast som ekstremt flyktige. Det reduserer truverdet til denne rankinga i stor grad, slår han fast, ifylgje Universitetsavisa.

 

 

Les resultata av rankingane til Webometrics:

Verdsrankinga

Europa-rankinga

(Oppdatert kl. 13:09)

(Siste oppdatering 19. 02.15 kl. 11.25)

 

 

 

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering, Universitetspoltikk Av Martin Toft
Publisert 18. feb. 2015 12:11 - Sist endra 19. feb. 2015 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere