– Akademia og arbeidsliv må samarbeida tettare

Ni av ti universitets- og høgskulelærarar meiner studiet kan bli meir relevant for arbeidslivet om arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar samarbeider. Det viser ein ny rapport frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning- NOKUT.

– Det er likevel ikkje behov for noko relevanspoliti etter dansk modell i Noreg no, sa NOKUT-direktør Terje Mørland då NOKUT-rapporten om arbeidslivsrelevans for høgare utdanning blei presentert i formiddag.

– Faren er at politikarar kan koma til å krevja det om det blir dårlegare tider, og om institusjonane ikkje begynner å gjera faga meir arbeidslivsrelevante på eiga hand, åtvara han.

For svak kontakt med arbeidslivet

Undersøkinga avdekkjer at fire av ti studieprogramleiarar ved universitet og høgskular meiner at mange undervisarar har for svak kontakt med norsk arbeidsliv.

– I hovudsak er det eldsjeler i ulike fagmiljø som driv fram denne kontakten, sa rådgjevar Kim Kantardjiev i NOKUT, då han presenterte tala i undersøkinga.  Den viser også at dei vitskaplege tilsette i stor grad er nøgde med arbeidslivsrelevansen i det faget dei sjølve underviser i.

– Naturleg nok er det langt lettare å sjå relevansen i eit helsefag som til dømes sjukepleiarutdanninga. Når me veit at Noreg treng 50 000 nye sjukepleiarar i 2020, veit studentar og andre at det er absolutt arbeidsrelevant. Så lett er det ikkje å vurdera arbeidslivsrelevansen til dei ulike disiplinfaga på humaniora eller samfunnsfag, fortalde Kantardjiev.

– Likevel er misnøya med tilbakemeldingane dei får frå arbeidsgjevarar like stor hos dei som er ansvarlege for profesjonsfaga som dei som er ansvarlege for disiplinfaga, la han til.

Kjenner ikkje til Rådet for samarbeid med arbeidslivet

Ein annan viktig ting som undersøkinga avslørte var at 66 prosent av studieprogramleiarane og 68 prosent av undervisarane ikkje kjente til Rådet for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Heile 85 prosent av dei kjenner heller ikkje til at dette arbeidet har ført til justeringar i studieprogrammet.

Nærare 80 prosent av studieprogramleiarane og nesten 90 prosent av undervisarane svarar at dei ikkje har vorte trekte med i dette arbeidet.

–  Må samarbeida om å utvikla nye studietilbod

NOKUT-direktør Terje Mørland meiner difor at nærare kontakt er heilt naudsynt.

– Eit tettare og betre samarbeid vil føra arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar saman slik at dei kan utvikla nye idear, påverka innhaldet i studia og utdanna kandidatar med

Fakta om undersøkinga:

Grunnlaget for undersøkinga er svar frå 34 studieprogramleiarar og 285 undervisarar ved 48 studieprogram fordelt på 16 utdanningsinstitusjonar. 21 var mastergradsprogram og 27 bachelorprogram fordelt på fylgjande fag: økonomi og administrasjon, humaniora, helsefag, realfag og teknologi. Åtte av programma var tradisjonelle profesjonsutdanningar til ingeniør, sjukepleiar, sosionom eller fysioterapeut. Svarprosenten var 85 prosent for studieprogramleiarar og 61 prosent for undervisarar. (Kjelde: NOKUT)

relevant kompetanse for arbeidslivet, seier Mørland.

Hovudråda han vil gi for dette samarbeidet er at arbeidsgjevarane må tettare inn i utviklinga av nye studietilbod og delta i diskusjonen om kvifor eit studium blir oppretta.

Mørland er også overtydd om at utdanningsinstitusjonane aktivt må bruka tilbakemeldingar frå tidlegare studentar, arbeidsgjevarar for tidlegare studentar og alumni.

Han ber om at det også må avklarast kva funksjon råda for samarbeid med arbeidslivet (RSA) skal ha i framtida. Dessutan tykkjer han det bør vurderast om det er behov for fleire fagspesifikke samarbeidsråd.

– Dei kan byggja bruer over vanskar og spenningar, løysa konkrete samarbeidsproblem og gi fagmiljøet idear og innspel som kan brukast i utviklinga av studieprogramma, understrekar Terje Mørland i ei pressemelding frå NOKUT.

 

 

Emneord: Undervisning, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2015 17:11 - Sist endra 30. apr. 2015 17:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere