Fekk avhandlingsframside på nynorsk

Doktorkandidat Eli Bjørhusdal fekk oppfylt kravet om å få framsida på avhandlinga si på nynorsk.

FEKK BRUKA NYNORSK NAMN PÅ FAKULTETET: Forlaget tilbaud seg å trykkja opp att avhandlinga mi med rett framside, så då vart det to opplag før disputas, fortel nyleg utklekt doktor, Eli Bjørhusdal ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Foto: Privat

For tre veker sidan klaga Eli Bjørhusdal på at ho ikkje fekk høve til å bruka fakultetsnamnet på nynorsk på framsida av doktoravhandlinga si.  Frå Akademika forlag fekk ho beskjed om at avtalen med Universitetet i Oslo berre gav høve til å bruka fakultetsnamnet på bokmål eller på engelsk. Dermed måtte det stå Det utdanningsvitenskapelige fakultet og ikkje Det utdanningsvitskaplege fakultet på framsida av avhandlinga hennar.

Etter at Eli Bjørhusdal tok saka opp i Uniforum, gav både forlaget og UiO henne beskjed om at dei skulle ordna opp.  Og for ti dagar sidan kunne ho disputera med eit doktoravhandling med fakultetsnamnet på nynorsk trykt på framsida. Eli Bjørhusdal er nøgd med resultatet av klagen.

– Glad

– Det er eg naturlegvis glad for! Forlaget tilbaud seg å trykkja opp att avhandlinga mi med rett framside, så då vart det to opplag før disputas. Det kan eg jo le litt av no ei veke etter disputasen, men eg skulle jo helst ha unngått denne runden midt oppe i skrivinga av prøve- førelesing og disputasførebuing.

– Kvifor ville du ta denne kampen? Er det ikkje nok at tittelen på avhandlinga er på nynorsk?

– Dette kan kanskje sjå ut som ein detalj. Det er likevel slik at den språklovgjevinga som gjev nynorsk offisiell status, er summen av alle slike detaljar. Difor er slike saker viktige. Dessutan handlar avhandlinga mi om den offentlege forvaltninga av nynorsk og bokmål, og dermed tenkte eg vel som så: Om ikkje eg skal reagera og seia ifrå om dette, kven skal då gjera det?

Fekk tilbod om nytt opplag  med ny framside

– Korleis synest du Akademika forlag har takla kritikken du kom med i Uniforum?

– Eg vil understreka at eg ikkje legg meg opp i om det er forlaget eller universitetet som her forsømde seg. Folka på forlaget har vore svært venlege heile vegen, men meinte altså i utgangspunktet at dei hadde framsidemalar for doktoravhandlingar berre på bokmål og engelsk. Arnstein Bjørke, forlagssjef i Fagbokforlaget som no eig Akademika forlag, tok så sjølv kontakt med meg for å tilby nytt opplag med nynorsk framside. Eg har altså ingenting å utsetja på korleis forlaget tok ansvar i etterkant.

– Trur du at dette vil få konsekvensar for andre nynorskbrukarar som skal disputera?

– Det er eg viss på. No er rutinane etablerte, både på universitetet og i forlaget.

Emneord: Språk, Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2014 12:32 - Sist endra 22. sep. 2014 13:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere