UiO-tilsette avslørte sosial dumping i jussbygningane

14 spanske arbeidarar som arbeidde med restaureringa av universitetsbygningane i sentrum fekk restskatt frå 10 000 til 30 000 kroner då dei var tilbake i Spania. Firmaet ObraEspanor hadde ikkje betalt inn skattetrekket til kemneren, avdekte UiO-tilsette. Statsbygg gav beskjed til hovudentreprenøren sin om å kutta ut selskapet.

SOSIAL DUMPING: Dei spanske arbeidarane jobba med muring og steinarbeid under restaureringa av sentrumsbygningane på biletet, då det blei avslørt at dei var offer for sosial dumping. Statsbygg bad difor leverandøren sin om å seia opp avtalen med selskapet ObraEspanor. Personane på biletet har ingenting med den omtalte saka å gjera.

– Det var eit mareritt å arbeida for det selskapet, fortel Jaime Martí Aybár, som no er tilbake i heimbyen Zaragoza, der han har fått seg ny jobb i eit betongfirma. Framleis skuldar firmaet ObraEspanor han det han skulle ha utbetalt i august.

– For meg utgjer det over 7500 kroner, seier han til Uniforum. Då han og arbeidskollegane var tilbake i Spania, dumpa det ned i postkassen eit krav om restskatt frå Skatteetaten i Noreg. For han utgjorde det rundt 14 000 kroner.

– Mange av oss trudde at me skulle få pengar tilbake på den skatten me allereie hadde betalt inn, fortel han. Arbeidsgjevaren ObraEspanor hadde aldri betalt skattetrekket på lønnsslippen vidare til kemnaren, avslørte nettavisa Fri fagbevegelse.no. Dokumentasjon som Uniforum har, viser at både kost og losji blei trekt frå lønna til arbeidarane saman med skatten.

– Dårleg mat

– Berre tenk på at me var 14 arbeidarar som betalte 56 000 kroner i månaden for å bu saman i eit felles hus. For så mykje pengar kunne me ha budd i fleire hus av høgare standard. Maten var dårleg, og me fekk aldri juice og frukt til maten, minnest han.

I kontrakten mellom ObraEspanor og dei spanske arbeidarane frå Zaragoza går det også fram at selskapet skal tilby dei norskkurs. – Det fekk me aldri noko tilbod om, seier han. Det høyrer med til historia at kontrakten er skriven på eit svært dårleg spansk og på norsk.

Dei månadene dei spanske bygningsarbeidarane jobba med restaureringa av sentrumsbygningane til UiO, stod dei opp kvar dag kl. 06.30 og var tilbake i den felles bustaden kl. 18.30.

– Det tok over ein time kvar veg å koma dit me budde. Heile tida blei me overvaka av ein spansk kokk, som passa på at me ikkje klaga på arbeidsforholda, hugsar Jaime Martí Aybár.

Spanskstalande UiO-tilsett avslørte forholda

Det var José Martí Aybár og ein av kollegaene hans som tok kontakt med spansktalande tilsette i Eigedomsavdelinga til Universitetet i Oslo.

– Dei bad om hjelp til å få tak i papir som dei ikkje hadde fått frå arbeidsgjevaren sin, det galdt framfor alt lønnsslippar frå 2013, fortel lokal tillitsvald for NTL, Elsa Gabrielle Tandberg til Uniforum. Saman med den spansktalande UiO-tilsette, som også er NTL-medlem, tok ho kontakt med ein av Statsbyggs prosjektleiarar på byggjeplassen i sentrum. Han tok meldinga svært alvorleg og ynskte straks eit møte med representantar for dei spanske arbeidarane. I dette møtet kom det fram at dei hadde fått  kontant betaling for overtid, hadde kontraktar utan firmalogoar og dei fortalde også om bu- og arbeidsforholda sine. Opplysningane prosjektleiaren fekk, tok han med vidare til leiinga i Statsbygg.

– Sjølv melde eg frå til leiaren for NTL-UiO, som sa ifrå til NTL-Statsbygg sidan byggjeplassen er Statsbyggs ansvar og ikkje UiOs.  Det som blei avdekt her, gjorde at ObraEspanor ikkje lenger var velkome på byggjeplassane til Statsbygg, seier Else Gabrielle Tandberg.

Dei spanske arbeidarane drog like etter tilbake til Spania. Dei to som hadde klaga på arbeidsforholda, dukka aldri opp igjen i Noreg.

Tilbake til Noreg som turist

I eit oversyn over lønna til ein av dei spanske arbeidarane går det fram at vedkomande, som hadde ei bruttolønn på 25 350 kroner, sit igjen med 11 709 kroner etter skattetrekk og trekk for innkvartering og mat. Det er mindre enn mange uføretrygda får utbetalt i Noreg.

– Eg trudde Noreg var eit land der arbeidarane ikkje blei utnytta. Selskapet ObraEspanor har øydelagt det inntrykket for meg, synest Jaime Martí. Han forstår heller ikkje korleis selskapet ObraEspanor kan bruka logoen til den sentrale fagforeininga (UGT) i Spania og hevda at dei har eit samarbeid. På nettsidene skriv selskapet at dei brukar den spanske fagforeininga for å få tak i folk som vil arbeida i Noreg.

– For meg høyrest det svært merkeleg ut, tykkjer han.

Jaime Martí Aybár drar gjerne tilbake til Noreg.

– Men som turist. Eg er godt nøgd med den jobben eg har fått i heimbyen min, Zaragoza, seier han på telefon frå Spania.

Statsbygg bannlyser selskapet

I Statsbygg er dei fast bestemt på å rydda opp i alle tilfelle der vanlege lover og reglar for arbeidslivet ikkje blir fylgde. Det opplyser rådgjevar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø, Knut Farholm. Han stadfestar at selskapet ObraEspanor var underentreprenør til ein av dei hovudentreprenørane Statsbygg brukte for å utføra restaureringa av sentrumsbygningane til Universitetet i Oslo. ObraEspanor får ikkje lenger leiga ut arbeidarar til selskapet som hadde ein leverandøravtale med Statsbygg.

– Leverandøren vår fekk klar beskjed frå oss om at dei måtte nytta seg av eit anna firma, seier Farholm.

– Vil det seia at ObraEspanor er bannlyst frå alle framtidige prosjekt i Statsbyggs regi?

 – I alle fall i denne runden.

 – Kva var hovudgrunnen til at de ville ha selskapet ut?

– Det var den manglande skatteinnbetalinga for 2012 og 2013. Kemnarkontoret hadde ikkje fått innbetalt den skatten selskapet hadde trekt frå lønna til dei tilsette. Det var grunnen til at dei måtte avslutta arbeida på sentrumsbygningane i byrjinga av september.

– Er det vanleg at arbeidarar blir utnytta på den måten i byggjeprosjekt som Statsbygg er byggherre for?

– Nei, det er ikkje eit vanleg problem, men det hender at me hamnar opp i saker som me må inn for å justera. Statsbygg og andre offentlege tilbydarar har plikt til å sjå etter og sjekka at alt går greitt. Og så har arbeidsgjevar plikt til å oppfylla alle lover og reglar for arbeidslivet. I tilfellet med dei spanske arbeidarane som blei hyra inn til å utføra arbeid for ein av leverandørane våre, såg alt bra ut i byrjinga. Då me undersøkte det nøyare, var det ikkje så bra likevel.

Ifylgje Fri Fagbevegelse.no har Statsbygg tatt kontakt med skattestyresmaktene. Kravet mot dei spanske bygningsarbeidarane er kansellert, og nokre av dei vil få pengar igjen.

Skjerpar kontrollen

Eigedomsdirektør Per Erik Syvertsen ved UiO arbeider for å hindra at det skjer slike episodar på nytt.

– Me er veldig sterkt opptekne av å hindra at det skal gå føre seg sosial dumping på alle arbeidsplassar der me er involverte. Difor kjem me også til å skjerpa stikkprøvekontrollen i tida framover, opplyser han til Uniforum.

– Om det blir oppdaga noko mistenkjeleg, rår me til å melda det til nærmaste overordna eller gjerne til meg, oppfordrar Per Erik Syvertsen.

Tar kontakt med advokat

Uniforum har vore i kontakt med leiinga i selskapet ObraEspanor. Kommentaren me får frå styreleiar og dagleg leiar Tommy Gustavsen er at saka no blir tatt hand om av ein advokat. Han opplyser også at saka no er under handsaming.

– Me behandlar dette som ei personalsak og vender oss til arbeidstakarane og skattestyresmaktene, understrekar han. Den daglege leiaren avviser at dei har prøvd å lata vera å innbetala skatt frå dei spanske arbeidarane sine.

– Den lønna den enkelte har rett på og som samsvarar med norsk lovgiving, er innrapportert til skattestyresmaktene, og me verken kan eller vil kommentera noko nærmare - me vil sjølvsagt fylgja opp at ingen av arbeidstakarane blir skadelidande, skriv dagleg leiar og styreleiar Tommy Gustavsen i ein e-post til Uniforum.

.

 

 

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2013 14:12 - Sist endra 15. okt. 2013 11:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere