UiO held stillinga på ny universitetsranking

Universitetet i 0slo er på 69.plass over verdas beste universitet på Shanghai-rankinga for 2013. Dermed held UiO posisjonen universitetet har hatt dei siste åra.

GÅR PÅ EITT AV NORDENS BESTE: Desse studentane er nettopp begynt på Nordens tredje beste universitet, UIO, om me skal festa lit til den siste universitetsrankinga frå Shanghai Jiao Tong University.

Foto: Ola Sæther

Ikkje uventa er det Harvard University som for ellevte gong på rad tar førsteplassen på universitetsrankinga frå Shanghai Jiao To University i Kina. Deretter fylgjer Stanford, Berkeley og Massachusetts Institute of Technology (MiT) før det beste europeiske universitetet, University of Cambridge på femteplass. Universitetet i Oslo kjem på 20. plass mellom dei europeiske universiteta og på tredjeplass i Norden. Københavns Universitet og Karolinska institutet er nordiske meistrar medan UiO hamnar på bronseplass i Norden.  I fjor kom UiO på 67.plass på verdsrangeringa, medan det tidlegare år frå rangeringa blei lansert i 2003, har hatt plasseringar frå 63 - 68 - 69 - 68 - 69 - 64 - 68 - 75 - 75. Statistikken viser at plasseringa til UiO varierer heller lite frå år til år.

NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen er plassert mellom dei 201 og 300 beste universiteta i verda. Utanfor den engelskspråklege verda er det Swiss Federal Institute of Technology som plasserer seg høgast som nummer 20 på verdsrangeringa og som nummer tre i Europa etter University of Cambridge og University of Oxford. I Asia er det Tokyo-universitetet som gjer det best og som oppnår ein 20.plass på verdsstatistikken. I Latin-Amerika er det Sao Paolo-universitetet i Brasil og Det nasjonale autonome universitetet i Mexico (UNAM) som står øvst på pallen. Universitetet som står bak rangeringa, Shanghai Jiao Tong University plasserer seg sjølv mellom dei 151 og 200 beste universiteta i verda.

Kritisk til universitetsrangeringane

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er som alltid kritisk til universitetsrangeringane.

- Eg er skeptisk til slike eindimensjonale rangeringar, og det seier eg både når det går opp og ned for UiO, seier Ottersen til Uniforum.

- No har me ein tilbakegang på to plassar frå ifjor- frå 67 til 69. King's college og University of  Bristol har gått forbi. Men me er framleis  blant dei 20 beste i Europa, peikar Ottersen på. Han er opptatt av å sjå kva som gjer dei små utslaga i plasseringa  frå i fjor til i år.

- Me har gått opp og ned på denne rangeringa, no altså to plassar ned. Viss me i det heile tatt skal leggjae vekt på dette, så må me sjå på dei forskjellige kriteria som er brukte.

Det er publiseringsfrekvensen som gjer skilnadene denne gomgen..

- Me har auka  publiseringsfrekvensen vår sidan ifjor og har fleire artiklar enn i fjor i Science og Nature. Sjølv om me gjer det betre enn ifjor, går me altså ned. Poenget er at andre universitet aukar endå meir. Så det er som eg har sagt på eit meir generelt grunnlag:

- Det hjelper ikkje å ta to steg fram her i Noreg når andre spring. Satsinga her i Noreg må styrkjast og politikarane må ta innover seg at me har ein aukande global konkurranse om talent og ekspertise. Norsk forskings- og utdanningspolitikk må utformast i ein internasjonal kontekst og med referanse til det som skjer på den internasjonale arenaen. Det er på tide at dette går opp for styresmaktene våre, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.


 

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2013 16:03 - Sist endra 15. aug. 2013 09:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere